På med kostyma dagen før premieren. Foto: Tomas Sævik.

Dette er orda til Yngvil Birkeland, som saman med Ragnhild Engeset og Kirsten Ragnhild Grimstad har ordna med diverse kostymer til musikkelevane som er med i musikalen 2018.

Tekst: Kristoffer L. Lilleøy

Kostymeansvarleg Yngvil Birkeland. Foto: Tomas Sævik

Yngvil seier at kostyma i år er ganske minimaliserte, og at det difor ikkje blir like mykje sying og ordning av kostymer som i tidlegare musikalar. Ho held fram med at det i år går mykje i svarte, kvite og grå klede, og at elevane enkelt kan skaffe dette sjølve. 

– Eg har hatt ein delvis fredeleg jobb i år, legg ho til.

I tidlegare år har det vist seg å bli ganske hektisk med kostymeskift når det er sceneskift under framsyningane, men i år viser det seg at det kanskje ikkje er like hektisk for like mange.

– Det er nok nokre som har knapp tid mellom scenene, som må ut fort og skifte. For dei kan det heilt klart bli ganske hektisk, men i år er det veldig lite av det i forhold til mange andre år. Før har av og til heile koret måtte skifte kostyme mellom scener, seier ho.

Dagen før premiera til ”Cry Wolf” spurte vi ho kor godt dei låg an med kostyma.

– Vi ligg veldig godt an! Vi er stort sett ferdig med alle kostyma. Eg trur aldri eg har opplevd å vere klar så tidleg, vanlegvis har eg jobba på til rett før premieren startar. Så i år har det gått smertefritt!

Kjartan Van Dijk Festøy har fått på seg kostymet og blir sminka. Foto: Tomas Sævik