David (Sander Bjørkedal) og Celice (Andrine Berge) i løpet av musikalen «Cry Wolf». Foto: Elisabeth Steinnes

Det hadde Volda sin ordførar Jørgen Amdam å seie etter framsyninga av årets musikal. På tysdag kveld braka det laust i Ørsta kulturhus då musikalen ”Cry Wolf” hadde premiere!

Tekst: Kristoffer L. Lilleøy

Rektor Trond Hjelseth snakkar til involverte elevar og lærarar etter premieren på «Cry Wolf». Foto: Åge André Breivik

Musikalen ”Cry Wolf” si handling foregår i den sør-europeiske staten Monte Rosa, der den politiske familien Meyer blir plassert i ein aldeles tøff situasjon. Vi blir kasta inn i historia med at Thomas Meyer går av som rikskanslar på grunn av ei intern konflikt, og frå der utfoldar historia seg akkompagnert av a-ha sin stemningsfulle musikk. Musikalen er skriven av Gunnar Sigve Aurdal og Vibeke Preus Bech.

  • Video av alle talane kan du sjå øvst i dette innlegget.  

Til stades under framsyninga var Volda sin ordførar Jørgen Amdam, Ørsta sin rådmann Wenche Solheim og rektor på Volda vidaregåande skule, Trond Hjelseth, og alle tre var framme på scena etter ei vel gjennomført framsyning for å halde tale til alle dei involverte i produksjonen av dette årets musikal.

– Dette var sentimentalt, med usedvanleg god musikk og eit sceneoppsett som eg synest fungerte usedvanleg godt! Eg må igjen berre seie at dykk er verdsmeistrar, seier Volda-ordførar Jørgen Amdam.

Ørsta-rådmann Wenche Solheim var også godt nøgd med framsyninga.

– Volda vidaregåande leverer igjen, år etter år, og dette gler vi oss til kvart år!

I talen til rektor Trond Hjelseth vart det nemnt at trass i mykje sjukdom som hadde ramma aktørane i dei førre vekene hadde dette vist seg å bli ei fantastisk forestilling. Trond var også på plass her på måndag for å sjå fyrste akt av musikalen.

– Då eg sat bak her i går, så sat eg to rader bak regissør Vibeke. Eg såg ho sleit seg litt i håret under gjennomgangen, men for eit nedslag i dag med så trange vilkår!

Dermed fekk rektor forventingane sine innfridde.

Det vil bli to framsyningar av ”Cry Wolf” onsdag og to torsdag, før Volda vidaregåande rundar av med ei siste framsyning fredag 16. februar. Billettar kan du kjøpe på Ørsta kulturhus sine nettsider.