Pressekonferanse i Monte Rosa. Ei scene frå premieren på musikalen! Foto: Elisabeth Steinnes


No er det mange letta musikkelevar som har gått heim frå Ørsta Kulturhus. Premieren på musikalen “Cry Wolf” er ferdig, og framsyninga gjekk strålande for seg for ein fullsatt kulturhussal.

Tekst: Brian Dale

Solgunn Tilseth Breivik saman med Brian Dale fra 2MK. Foto: Jens Myklebust

Premieren gjekk veldig fint for seg, og musikalen var godt gjennomført.

På veg ut av Ørsta Kulturhus tysdag kveld etter premieren prøvde vi å høyre sjåarane sine meiningar om premieren.

Solgunn Tilseth Breivik er komen i frå Lauvstad for å sjå premieren på musikalen. Det var verdt det meinar Solgunn.

– Det var ein helt fantastisk musikal. Eg likte den utruleg godt, og den var så profesjonelt og godt gjennomført, seier Solgunn.

Handlinga i musikalen «Cry Wolf» er lagt til den sør-europeiske staten Monte Rosa, der ein politisk familie hamnar i ein veldig vanskeleg situasjon. Musikalen er skriven av musikklærar Gunnar Sigve Aurdal og Vibeke Preus Bech. Sistnemnde er også regissør på musikalen som hadde premiere tysdag kveld.

Johannes Barstad saman med Brian Dale fra 2MK. Foto: Jens Myklebust

Ein annan som tok turen var Johannes Barstad frå Volda. Han var veldig fornøgd med premieren på musikalen.

 – Eg synes det var utruleg bra! Eg synes musikalen blir betre og betre for kvart år som går, og det var fantastisk bra, avsluttar Johannes.  

Og med det ser me fram mot dei komande framsyningane denne veka. Husk at du framleis kan kjøpe billetar på nettsidene til kulturhuset. Følg oss gjerne på Facebook og Instagram.