Koret klappar etter ei flott framføring. Foto: Elisabeth Steinnes

No er det berre få dagar igjen til premiere. Fredag hadde musikalgjengen si siste store gjennomkøyring i Volda, før heile prosjektet flyttar til Ørsta kulturhus. 

Tekst: Elisabeth Steinnes

Med det er den aller siste øvingshelga før musikalpremieren i gang.

Dei 90 involverte elevane i musikalprosjektet har starta på den intensive musikalveka. Frå fredag til fredag går det i eitt.

Premieren er tysdag 13. februar, og fram til då er det øving som gjeld.

Under kan du sjå nokre bilete frå siste store gjennomkøyringa på Volda vidaregåande, der både orkester, kor og skodespel vart smelta saman i Festsalen.