Bilete frå øvinga søndag. Foto: Brian Dale


Med to dagar att før premieren var vi på plass for fullt på Ørsta Kulturhus, og vi var klare for gjennomgang av musikalen «Cry Wolf»!

Tekst: Brian Dale

Svenning Veiseth går fyrste året musikklinja på Volda vidaregåande, og debuterer i år med sin fyrste musikal.

Svenning Veiseth fra 1MU debuterer med sin fyrste musikal.

 – Eg står i koret for det meste, men skal også være med på eit par slossescener, seier Svenning.

Det er mykje spenning knytt til musikalen og mykje arbeid som ligg bak, det gledar Svenning.

 – Eg synes det har vore utruleg kjekt, vi er alle klassene samla ilag, og vi kan arbeide ilag, det synes er eg kanskje det aller beste med musikalen.

Det er omlag 50 timar til premiere på musikalen 2018, og det er mykje øving att.

 – Eg trur eigentleg at vi ligg veldig godt an, vi har fått øvd mykje og kan det vi skal godt, men sjølvsagt står det att litt finpussing, og i alt gler eg meg veldig masse til framsyning, seier han.

Under kan du sjå eit biletegalleri av denne øvingsdagen! Det er berre å gle seg til musikalframsyninga.

Musikalen «Cry Wolf» har premiere på Ørsta kulturhus 13. februar. Du kan kjøpe billettar på nettsidene til kulturhuset. Følg oss gjerne på Facebook og Instagram.