Utstyret på plass på scena! Foto: Brian Dale

Orda til gitarist Johannes Kristiansen er kanskje det sikraste teiknet på at Musikalen 2018 nærmar seg med stormskritt. På Ørsta Kulturhus riggar dei i dag opp til øving til resten av musikkelevane kjem.

Tekst og foto: Brian Dale

Laurdag formiddag var elevar og lærarar på plass for å rigge opp til første gjennomkøyring på Ørsta Kulturhus, tre dagar før premieren. Når utstyret var rigga opp kom Lydkjelleren med alt som trengs for å framføre frå scena. Om lag 50 store og små kasser vart rulla inn på scena, klare til å bli sette opp. Du kan sjå nokre bilete av dette under.

Johannes Kristiansen spelar i orkesteret under Musikalen.

Når alt var rigga opp og klart kom orkesteret frå musikklina i Volda. Der skulle mellom anna Johannes Kristiansen gjere klart det som skal til for å spele i orkesteret.

– Øvinga til orkesteret no ligge veldig godt an. Vi har god kontroll på det meste, og sjølvsagt litt småpuss her og der, men i alt ligg vi veldig godt i rute fram mot tysdag, seier Johannes.

Då står premieren for tur. Før den tid har Johannes litt av kvart å gjere.

– I dag skal vi rigge opp anlegg og alt orkesterutstyret, og så skal vi køyre ein lydtest for å sjekke at alt utstyr er i orden, og at ting høyres bra ut, avsluttar han.

Lenger bak i salen finn vi Daniel Aanonsen. Han er elev på Medium og kommunikasjon i Volda, og har arbeida med dei digitale kulissane under musikalen.

– I dag så har eg arbeidd med å rigge opp til musikalen. Få alt klart, og sette opp alt til musikkelevane kjem. Når alt er sett opp går eg over til å arbeide med dei digitale kulissane, seier Daniel.

Daniel Aanonsen fra 2MK arbeider med digitale kulisser.

Daniel gler seg til dei siste dagane før musikalen, og trur det blir utruleg kjekt.

– Det blir nok veldig slitsamt, men det er utruleg kjekt å være med på så det er verdt det. No dei siste dagane so skal eg arbeide med digitale kulissar, det er altså å styre lydeffektar, bakgrunnen og det digitale i golvet på scena. Eg gler meg, avsluttar han.

Musikalen «Cry Wolf» har premiere på Ørsta kulturhus 13. februar. Du kan kjøpe billettar på nettsidene til kulturhuset. Følg oss gjerne på Facebook og Instagram.