Laurdag kom dei fyrste kulissene på plass på Ørsta kulturhus, tre dagar før premieren tysdag. Foto: Åge André Breivik

– Akkurat no ser det veldig lovande ut, seier musikklærar Gunnar Sigve Aurdal. Han har vore med å skrive musikalen «Cry Wolf» som har premiere om tre dagar

Tekst: Brian Dale

Det ligg mykje arbeid bak ein musikal. Under kan du få ei oversikt over det arbeidet som har vore gjort i forkant av premieren 13. februar.

Gunnar Sigve Aurdal er ein av manusforfattarane og er kapellmeister under musikalen. Laurdag var han med då orkesteret rigga seg til på Ørsta kulturhus.

Gunnar Sigve Aurdal er lærar på musikklinja, og blant dei som arbeida bak musikalen.

– Akkurat no ser det veldig lovande ut. No skal ikkje eg vere for optimistisk då, men det ser veldig bra ut. Vi ligg veldig godt i rute fram mot premieren på tysdag, seier han.

– Den største spenninga er knytt til at det har vore ein del sjukdom. Men vi har gode planar for å lukkast uansett. No står det att litt småpirk, som vi arbeider med å rette opp i fram til tysdag, og me gler oss veldig, legg han til.

Her på musikalen.no har me frå MK forsøkt å jamt oppdatere over arbeidet som har blitt gjort. Her kan du lese det viktigaste å få med seg før premieren tysdag.

Den 19.januar kom designet for musikalen 2018 på plass, det er eit gult og lilla prega design, det kan du lese meir om her.

Tidleg på musikalen.no kom det ei reportasje og ein video frå innspelinga på Høgskulen. MK elevar testa innspelinga, etterpå var det tid for hovudrollene å øve inn ein animasjonsfilm. Du kan lese meir om denne innspelinga her.

Rundt 23.januar så tok vi ein prat med ein 1MU elev og leiar for koret på musikklinja, og fekk ei oppdatering på korleis det var å arbeide med musikalen. Den kan du lese meir om her.

Musikklinja har og valfag som dans, og drama. Dette er noko av det som er viktig i ein musikal. Elevane fekk opplæring i scenekamp, slag, spark, fall og rull i slutten på januar. Det kan du lese meir om her.

I slutten av januar la vi ut ei reportasje om den fyrste store øvingsdagen før musikalen. Koret øvde på Volda vidaregåande, medan det var dramaøving på Høgskulen. Dersom du vil lese meir om dette kan du trykke her.

Under den fyrste øvingshelga så kom også kostyma til Musikalen på plass. Det var det lærar Yngvil Birkeland som hadde ansvaret for. Vi tok ein prat med ho om kostyma og arbeidet bak musikalen. Det kan du lese meir om her.

Det er utruleg mykje folk bak ein musikal. Lærarar arbeider lenge med manus, og arbeid bak musikalen. I tillegg til det har vi elevar frå alle dei sju kommunane på søre Sunnmøre. Det er utruleg unikt. Det kan du lese meir om her.

Vi la ut eit biletgalleri frå ei øvingshelg helt på tampen av januar, dersom du vil sjå fleire bilete av kva som skjer gjennom ei sånn helg kan du klikke her.

I løpet av musikalen får vi sjå eit orkester, dei har jobba på spreng for å lære seg alt no fram mot musikalen. Vi tok derfor ein prat med orkesteret, og den saka kan du lese her.

I løpet av musikalen er vi så heldige å få sjå ein musikkvideo. Vi har følgt arbeidet bak den, og du kan lese den og eit intervju dersom du klikkar her.

Det vil kome mange nye oppdateringar i helga, og neste veke, så følg med. Musikalen nærmar seg med stormskritt. Tysdag 13.februar er premiere på musikalen «Cry Wolf». Billetar finn du på www.orsta.kulturhus.no