Her under fotograferinga av elevane frå Ulstein og Hareid!


– Målet vårt er å ha med heile regionen, seier prosjektleiar Kjetil Eiksund. Når musikalen “Cry Wolf” har premiere 13. februar er det med deltakarar frå alle “sjustjernekommunane” på søre Sunnmøre.

Tekst og foto: Brian Dale

11.januar: Elevar frå Musikk, dans, drama og Medium og kommunikasjon er samla på nedre bygg på Volda vidaregåande. Bak kamera står fotoelevar frå MK, framfor står om lag 90 elevar frå dei sju kommunane på søre Sunnmøre.

Dei fleste av desse er frå Volda og Ørsta, men mange kjem også frå Vanylven, Hareid, Ulstein, Herøy, og Sande!

SJÅ BILETA: Under “Om musikalen” kan du sjå bilete av elevane frå dei forskjellige kommunane.

Bileta vart sende ut saman med pressemeldinga til lokalavisene som dekkjer dei forskjellige kommunane.

Prosjektleiar Kjetil Eiksund ser fram til musikalen også i år.

– Det er veldig bra at vi har med folk frå alle kommunane. Målet vårt er jo å få med alle i regionen. Eiksundsambandet gjorde dette betre for oss, og gjorde det lettare å inkludere fleire kommunar, seier Kjetil Eiksund.

Som prosjektleiar har han altså ansvaret for at alt skal gå i boks, saman med produsent Jan Terje Eidset. Det er mykje organisering, og etter kvart går Kjetil inn i øving med orkesteret.

Samarbeid vil vere avgjerande for resultatet på Musikalen, då må ein sikre at dei nye elevane får samarbeide godt med så mange.

– Samarbeidet vi har er unikt. Vi har jo veldig mange fag som knyt elevane sterkt i hop. Vi har jo mellom anna dans og drama, og dei faga gjer jo nesten at elevane må bli kjende med kvarandre. Så elevane blir godt knytt til kvarandre, fortel han.

Det er mykje interessant som skjer under ein musikal. Kjetil har vore med på alle musikalane til Volda vidaregåande så langt, og det er like spanande kvar gong.

– Heile prosessen bak musikalen er fantastisk å sjå. Heile utviklinga frå manusskriving til alt er på plass, er rett og slett fantastisk å sjå. Og så er det jo alltid noko nytt å oppleve. Men det er klart at det ligge mykje arbeid bak, absolutt alt går i eitt kjør, og det er lange dagar. Etter over 20 år er vi blitt komfortable med arbeidet heldigvis, legg han til.

Kva gjer de for å inspirere og gi folk lyst til å søke musikklinja?

– Vi veit jo at veldig mange ønsker å søke musikklina, nettopp grunna musikalen. Så det er ei tydeleg drivkraft. Difor bruker vi å invitere alle tiandeklassingar i regionen på ei framsyning, for å vekke interesse. Elles, så prøver vi å ha framsyningar i Ulsteinvik og Fosnavåg nokre år, for å være ei tydeleg regionline!

Under ligg nokre bilete frå fotosesjonen til lokalavisene.

Musikalen «Cry Wolf» har premiere på Ørsta kulturhus 13. februar. Du kan kjøpe billettar på nettsidene til kulturhuset. Følg oss gjerne på Facebook og Instagram.