Yngvil Birkeland under fyrste kostymesjekk til Musikalen 2018. Foto: Nathanael Nordahn

Det seier Yngvil Birkeland. Ho er ein av lærarane som har ansvar for at kostyma er på plass til musikalen “Cry Wolf”.

Tekst og foto: Nathanael Nordahn

Yngvil Birkeland gjekk gjennom kostymebehovet til elevane søndag 28. januar. Foto: Nathanael Nordahn.

Siste helga i januar var det øvingshelg, der alle skulle møte opp i kostyma dei skal bruke i sjølve musikalen.

Yngvil Birkeland seier at det er veldig greit å kome til denne dagen.

– Dette er fyrste dagen vi får eit skikkeleg overblikk over kva som manglar, og kva vi treng å skaffe inn til musikalen, fortel ho.

Yngvil sin jobb er i hovedsak å passe på at alle kostyma kjem på plass. Den jobben er enklare å tenke seg enn å sjå det på scena.

Dei får også sjå kva elevane klarer å skaffe sjølve, og kanskje få hjelp av medelevar med kostyme, om andre har tøy som nokon manglar. Ein del av jobben er også enklare i år enn det har vore dei siste åra.

– Det er veldig mykje svarte klede som skal bli brukt. Men i år har vi ny regissør og ho har hovedansvar for å bestemme ka kostyme som skal bli brukt for å få til dette. Kostyma i år er svært enkle så det er ikkje altfor mykje jobb for å få alt på plass, fortel ho.

– Det er mykje småtteri med kostymer som manglar, men ikkje veldig mykje, seier ei letta Yngvil.

Yngvil Birkeland og Bernhard Pedersen diskuterer kostyme til «Cry Wolf». Foto: Nathanael Nordahn.