Dramaøving til «Cry Wolf». F.v: Vibeke Bech, Sander Bjørkedal, Olav Grimstad Arnesen

Søndag 21.januar var fyrste store øvingsdag før «Cry Wolf». Koret øvde på Volda vidaregåande, medan nokre elevar hadde dramaøving på høgskulen.

Tekst og foto: Brian Dale

Olav Grimstad Arnesen

Koret øvde på sangar som skal syngast gjennom Musikalen. Dramaelevane øvde på framføring av scener, med til dømes dans, sang og drama.

I løpet av ein slik dag er det mange som gjer seg opp tankar om vegen vidare inn mot premiere 13. februar. Me snakka med tre av dei.

Olav «Peter»

–  Eg skal spele Peter, og eg skal være på drama, seier Olav Grimstad Arnesen.

–  Det eg synes er det beste med musikal er kjensla av musikal, og å verkeleg setje teorien ut i praksis, legg han til.

– Det er ei ganske stor rolle, som eg er glad for å ha. På min første musikal for to år sidan stod eg i koret, og hadde eit innslag med mannskor. Medan i fjor så sto eg for det meste i kor, men fekk ei rolle som John, der eg fikk synge og danse litt.

Even Sævik

Even «Thomas»

–  I Musikalen er eg Thomas Meyer. No skal eg vidare og øve på drama, seier Even Sævik.

– Det beste med musikal må være nye erfaringer, og eit kjekt alternativ til skule.

– I år har eg ei veldig omfattande rolle. For to år sidan, når eg hadde min første musikal så sang eg ein duett, og ellers stod eg for det meste i kor, og dansa litt. Det var i «Goodbye Yellow Brick Road», basert på musikken til Elton John og Bernie Taupin.

I fjor var Even med når Volda vidaregåande sette opp «The Cream of Soul».

– Det andre året hadde eg solo på Superstition, og elles stod eg i koret for det meste.

Andrine Berge

Andrine «Celice»

–  Rolla mi er Celice Meyer, seier Andrine Berge.

– Det er mykje bra med musikalen eigentleg, men det aller beste er å synge. Generelt noko anna ein teori med er veldig kjekt.

–  Det første året så dansar eg saman med dei andre 1.klassingane, også sto eg i koret. I fjor sto eg i koret, så det blir ei stor oppleving for meg i år.

Under ligg eit biletegalleri frå øvinga denne søndagen!

Billettar til «Cry Wolf», Musikalen 2018 finn du på Ørsta kulturhus sine nettsider.