Marte Hallingstad Barstad måtte gje frå seg rolla si i «The Cream of Soul» på grunn av sjukdom.

Eit par veker før musikalen vart Marte Hallingstad Barstad frå 3MU sjuk og kunne dessverre ikkje vere med. Ho hadde rolla som Janne Berg, ei rolle som ho såg fram til å ha.

Tekst: Synne Dimmen

Det er siste året og siste musikalen for Marte, noko som ho har gleda seg mykje til. Ho hadde fått rolla som Janne Berg, ei rolle som ho sjølv følte passa henne bra. Ho hadde øvd mykje, og var klar til øving då ho vart sjuk. I starten tenkte ho at ho kom til å verte klar til premiera. Men sjølv om ho stod på, var det ikkje noko ho kunne kontrollere, og denne gangen gjekk det ikkje hennar veg.

Når ein har jobba fram mot eit mål i to år, og har gleda seg til å endelig stå på scena, er det utruleg kjipt når alt forsvinn på eit blunk, seier Marte.

Ho vart knust då ho ikkje kunne ta del i musikalen og måtte gi frå seg rolla til ein annan elev i klassa. Men no gler ho seg til å sjå korleis resultatet blir.

Noko som eleven tenkte ville bli bra for årets musikal var songane og vokalen. Ho fortel at det er eit veldig høgt nivå i år, og at ho trur mange vil bli overraska over solistane. Marte har høge forventingar og ventar å bli «blown away» når ho skal sjå forestillinga. Ho er spesielt spent på å sjå korleis Liv-Margrethe Muren Ulvund har tatt på seg rolla, og korleis ho har tolka den i forhold til korleis ho sjølv tolka den.

Marte er takknemleg for at Ulvund kunne steppe inn for ho på så kort varsel, og er glad for at det også gav moglegheit for Sunniva Sørheim til å få ei større rolle, ettersom ho steppa inn for Liv-Margrethe.

– Det blir litt rart å sjå nokon andre i rolla mi, men eg gler meg til å sjå korleis Liv-Margrethe har tolka rolla i forhold til korleis eg tolka den, smiler Marte.

Marte Hallingstad Barstad fekk vere med å synge på siste framsyninga under Musikalen 2017, noko ho var veldig glad for.

For ei veke sidan var Marte veldig sliten og klarte så vidt å prate, men no har ho blitt litt betre, og ho har tenkt å møte opp og henge backstage med dei andre. Ho smiler og seier at det er litt tortur å sitte som publikum og sjå på og ikkje kunne vere med sjølv. Men ho synes sjølvsagt det er gøy å sjå korleis resultatet blir, og gler seg til forestillinga.

– Det er trist å ikkje kunne vere med når eg har gleda meg så mykje. Eg har med lommetørkle for å seie det slik, ler ho

Etter vidaregåande har eleven søkt på fire ulike folkehøgskular som har med musikk å gjere. Ho fortel at ho enda ikkje har bestemt seg for kva folkehøgskule ho skal velge, men at det står mellom Follo folkehøgskule, som er ei musikallinje, eller Skiringssal folkehøgskule, som er musikkproduksjon og låtskriving. Sidan ho går glipp av musikalen i år tenke Marte litt ekstra på musikallinja på Follo.

– Eg kjem absolutt til å ha med meg musikken vidare i livet. Uansett kva det blir av meg, kjem eg alltid til å ha ein liten gitar, og eg kjem alltid til å synge, smiler Marte.

Marte fekk heldigvis synge på siste forestilling fredag kveld i fosnavåg, noko ho var glad for.