Motivasjonen er på topp og Alette er klar for å gi alt. Foto: Silje Birkhol

Årets musikal er like rundt hjørnet, og no er det berre siste finpuss før elevar og lærarar forflyttar seg til Ørsta for dei siste øvingane før premieren.

Tekst: Synne Dimmen

Alette Hustadnes Muren i rolla som Silje Kvitre. Foto: Thea Berge Baastad

Alette Hustadnes Muren går i tredje klasse på musikklinja, og i årets musikal har ho ei av dei større rollene. Ho synes det er veldig kjekt å ha fått denne rolla sidan dette er det første året ho har ei rolle med navn.

– Det er sjølvsagt meir å øve på dette året enn det har vore åra før, seier Alette. Ho smilar og fortel at ho blir motivert og vil gi alt sidan det er hennar siste musikal. Ho kjenner framleis eit press på å prestere og ho øver mykje for å få både dansetrinna og replikkane på plass.

Det som er annleis for eleven i årets musikal er at ho ikkje berre skal stå i kor og danse, men ho skal også ha replikkar, og spele ei rolle som ho må leve seg inn i. For somme er dette litt av ei utfordring, og det kan vere skummelt, men Alette synes at det er mykje kjekkare når ho får ei utfordring og får gjere noko som ho ikkje har gjort før.

– Eg blir lettare nervøs når eg ikkje berre skal synge, danse og stå i kor, men også ha replikkar og må leve meg inn i rolla. Så det er litt skummelt, samtidig så er det utruleg kjekt. Eg gler meg veldig til å sjå korleis sluttresultatet blir, seier ho.

Det er mykje å øve på, men motivasjonen er på topp. Foto: Silje Birkhol

Noko som Alette synes er spesielt vanskelig og utfordrande for musikalen i år, er at karakteren hennar skal grine på scena. Karakteren hennar Silje Kvitre er med i ei gruppe som er med i konkurransen The Cream. Gruppa syng og dansar når karakteren til Alette skal falle og deretter bli lei seg og begynne å grine.

Sjølv om musikalane åra før var ei gøy oppleving, synes musikkeleven det er annleis i år sidan det er siste året, og den siste musikalen. Motivasjonen er på topp og Alette er klar for å gi alt. Det er også den siste musikalen saman med klassa hennar, noko som gjer at årest musikal blir ekstra minneverdig og spesiell. Alette ler litt og seier at ho trur at musikalen i år blir best.

– I år føler eg at eg får nyte musikalen meir og vi skal gi absolutt alt og ha det kjempegøy. Sidan det er siste året må vi berre ta det heilt ut, smilar Alette.