Nyhende

Kostymesjefen Ingvil

Det er mykje å halde styr på når utøvarar skal få på rett kostyme til rett tid under årets høgdepunkt, musikalen Askeladden.dotcom.

Tekst: Mona Våge // Foto: Andreas Myhre Holen

FRAMSIDEBILETE: – Det er veldig kjekt og hektisk. Ingvil Håberg Velle har hatt det overordna kostymeansvaret under musikalen.

Ingvil Håberg Velle (29) har likevel kontroll. I år har den dyktige kvinna, som vanlegvis underviser i norsk og religion, overordna ansvar for kostymer. Ho passar nøye på alle detaljane.  

– Det mest utfordrande med denne jobben er å sørgje for at alle har det dei treng til ei kvar tid, ler den blide læraren.   

Midlertidig kostymelager

Fredag og fire dagar før premiera av Askeladden.dotcom, pågår den første fulle gjennomkøyringa av musikalen 2020. Festsalen ved Volda vidaregåande er stinn av ungdom, men sjølv under ein viss grad kaos og mykje instruksjoner, fylgjer Ingvil godt med. 

– Det er veldig kjekt og hektisk, smiler ho.  

Etterkvart som handlinga blir fortalt og scener utspelt, kjem elevar frå ulike roller stadig til det midlertidige kostymelageret. Denne fredagen, som er dagen før musikal-sirkuset blir overflytta til Ørsta kulturhus, har det blitt plassert i gangen. Ikkje at det er ei hindring for ordensmennesket Ingvil. 

LES OGSÅ: Raudhette – frå skisse til scene

God erfaring

Det er andre året at den opprinnelige herøyværingen; no ørstingen, er med på musikalprosessen som lærar. Men sidan ho også tidlegare har vore elev ved musikklinja, har ho lang og god erfaring.   

– Det er vanskeleg å velje eit høgdepunkt ved musikalen. Men eg ser veldig fram til premiera og gler meg til å sjå at kostymene kjem på til rett tid under årets framsyningar!   

Norsklæraren har erfart at arbeidet med musikal også kan kome til nytte som tverrfagleg arbeid. Derfor har musikkelevane på tredje trinnet fått bryne seg på litt analyse.

Det er veldig gøy at denne musikalen har med trekk frå eventyrverda. Vi har brukt blant anna ein dobbelttime i norsk til å analysere musikalen.   

Før og under det store musikkprosjektet er det alltid ein liten bit nervar, men også mykje arbeid for dei som tar del.

– Rett før den veldig kjekke, men også travle musikalveka, prøvar eg å passe på at mine elevar ikkje slit seg ut med anna arbeid. Det er viktig at dei er klare til å yte maks og gi alt gjennom musikalen!  

Men når musikalveka har starta, alt er på plass som planlagt og elevane stråler som stjerner er det ein ting Ingvil ser spesielt fram til.

– Eg gler meg til å sitje i salen; innsjå at sjølv om eg ikkje står bak kulissene og passar på, så funker alt som det skal! Det må vere den beste kjensla, avsluttar den kjekke kostymeansvarlege læraren.

Ein bør ha kontroll på både kostymer og utstyr backstage, slik at alle finn det dei skal ha til rett tid. Foto: Andreas Myhre Holen