Nyhende

Suksess med digitale kulisser

Gjennom framføringa av Askeladden.dotcom skjer det kanskje like mykje i dei digitale kulissene, som det blir utøva av aktørane på scena.

Tekst: Ina Mårstøl Vinjevoll // Foto: Andreas Myhre Holen

FRAMSIDEBILETE: Håvard Krøvel-Velle har ansvaret for elevane som utformer og styrer dei digitale kulissene.

Sidan 1996 har bygdefolket på søre Sunnmøre blitt bergtatt av fantastiske musikalar, som også har blitt eit høgdepunkt for elevane ved Volda vgs som tar del i dei. Men det var i 2008 at digitale kulisser vart ein del av oppsetjinga.

– Det starta med animasjonen til ei Queen-låt, fortel Håvard Krøvel-Velle, lærar i grafisk design og medieutvikling.

SJÅ OGSÅ: Biletgalleri – Kulissene som tek deg gjennom tid og rom

– Dette førte til ideen om å visualisere bakgrunnen til kulissene under ei låt, litt som i ein typisk skjermsparar. Frå og med 2009 vart det enda meir når vi då simulerte ei heil dataverd, og laga mange sekvensar. Året etter laga vi digitale kulisser til alle scener, og sidan har det berre blitt større, seier den engasjerte læraren.

Men som med alt teknologisk, har dei digitale kulissene blitt betre med tid. Dei første åra med tilføringa av dette elementet har blitt beskrive som «ganske stusselege» 

– Seinare har vi også involvert opera-regissør og scenograf Jiri Nagy . Han er fantastisk flink og lagar mykje spennande; som ofte skapar litt ekstra utfordringar, smiler Håvard.

Håvard og elevane har godt samarbeid med scenograf Jiri Nagy. Foto: Andreas Myhre Holen

Kreative elevar

Under musikalen i år var det Medium og kommunikasjon-elevane Ana Sefer og Eirin Myklebust Lødøen som hadde ansvaret for å styre dei digitale kulissene.

– Eg likar å holde på med det grafiske, seier Eirin. – Det har vore veldig kjekt å lære om mapping.

«Projection mapping» er kort forklart å plassere ei rekke virtuelle lerret på ulike overflater på scena.  På kvar overflate kan me projisere stillbilete, animasjonar, film eller visuelle effekter – og me styrer alt dette med knappar, glidebrytarar og vrideknappar live, forklarar Håvard. 

Ved utforminga av digitale kulisser startar ein med ei skisse, men sluttproduktet endar opp på ei stor scene.

SJÅ OGSÅ: Video – Kulissekolasj

– Når salen blir mørklagt, folk er musestille og teppet opnar seg, då opplever ein noko heilt spesielt, tykkjer Håvard.

– Eg tykkjer kulissene gjer alt meir spennande og dei gir liv til scena. Og eg blir stolt når mitt design bli vist for så mange folk, smiler Ana.

Under arbeidet med mapping og digitale kulisser er det mange ting som kan vere utfordrande. Elevane som har jobba gjennom denne prosessen har lært mykje.

Prosessen med å styre kulissene starta i kjellaren ved Volda vidaregåande skule, der Ana og Eirin fekk øve seg på ei miniatyrscene. Foto: Andrea Myhre Holen

– Det kan vere vanskeleg å få kulissene i samspel med dei som opptrer på scena, meiner Eirin.

Ana er einig. Ho held fram;

– Ja, og det er ei utfordring å få kulissene tidspassa med musikken, og at dei også ser estetisk bra ut, seier Ana.

Håvard nikkar. Han tykkjer at logistikken i mappinga og deler av teknologien kan vere mykje å halde oversikt over.

SJÅ OGSÅ: Tusenkunstnaren

Prosessen med å lage digitale kulisser er tidkrevjande; sjølv om det meste skjer berre dagar før premiera til musikalen.

– Ideelt skulle ein ha tatt til med kulisse-jobben mykje tidlegare. Men noko av arbeidet starta vi med i god tid, som naturbileta og dei animerte fjesa KDA laga.  Resten starta berre fire daga før premiera, informerer Håvard.

Framtida

Både Ana og Eirin har eit ynskje om å ta til i kreative yrker i framtida.

– Eg har mest lyst å jobbe med grafisk design, smiler dyktige Eirin.

For Ana har musikalprosjektet gitt blod på tann.

– Eg har lyst til å jobbe med kulisser eller scenografi. Under utføringa av musikalen har eg tenkt at dette er noko eg verkeleg ynskjer å jobbe med i framtida, avsluttar Ana.

Framtida ser lys ut for begge to.