Framheva, Nyhende

Første år blant publikum

– Musikalen er både det eg grur meg mest til kvart år, men også det er gler meg mest til, seier Kjetil Eiksund, som for første gong ikkje er med i orkesteret.

Tekst: Eirin Myklebust Lødøen // Foto: Andreas Myhre Holen

FRAMSIDEBILETE: Kjetil Eiksund i prat med lydmann Sverre Walderhaug. For første gong ser han musikalen frå salen. Foto: Andreas Myhre Holen

Eiksund har vore lærar heilt sidan musikk-linja starta i 1995. Han underviser i piano, og det er også det han har spelt i orkesteret under musikalane.

– Det har vore litt slitsomt å spele på fleire musikalar i fleire dagar, seier Kjetil, men legg til at han trivast veldig godt bak scena.

Det er midt på dagen, ein vanleg skuledag ved Volda vgs. Eg har gjort meg klar og er på veg ned til underetasjen på nedre bygg for å møte Kjetil Eiksund. På vegen ned kjem han brått susande forbi meg og ropar at han berre skal kjappe seg å ta seg litt drikke. På undervisningsrommet hans er der 3 keyboard, og ei datamaskin plassert i hjørnet ved vindauget. Eg set meg ned idet Kjetil kjem tilbake i full fart.  

Sidan 1997 har Kjetil vore med på, eller rettare sagt bak scena. Han har altså delteke i heile 23 musikalar. Dette året blir nytt for han. No skal han for første gong sjå musikalen frå salen.

– Det blir litt godt med ei lita pause då, seier Kjetil.

I år er han erstatta av pianistane Sigurd Ose og Svenning Veiseth. Han er veldig glad for at elevane likar å spele i orkesteret, ettersom det har vore veldig få elevar på instrument.

Orkesteret har plass bak på scena, ute av syne for publikum. I år er Kjetil erstatta av pianistane Sigurd Ose (framme til venstre) og Svenning Veiseth (framme til høgre). Foto: Andreas Myhre Holen

I tillegg til orkesterjobben, har Kjetil også vore med og programmert litt, og delteke i alt det praktiske arbeidet rundt det å setje opp ein musikal. Det er mykje som må ordnast i «kulissene» også, så han blir ikkje arbeidsledig. Men neste år skal han tilbake på, eller bak, scena, og det gler han seg til.

SJÅ OGSÅ: Styrkar musikalen frå mørket

– Motivasjonen til elevane har vore like stor i alle åra, det einaste som har forandra seg er den teknologiske og visuelle utviklinga, seier Kjetil.

Det tverrfaglege samarbeidet mellom musikklinja og medielinja er utvida i år, når linja for Kunst, deisgn og arkitektur også er kome med. Eit godt kreativt samarbeid er viktig.

– Det er ganske tungt å skape noko nytt og unikt kvart år, så derfor treng vi kreative folk med kreative idear, fortel Kjetil.

Planen for musikalen i framtida er å halde fram så lenge som mogleg.

– På eit tidspunkt vart det vurdert å ha musikalen annakvart år, men då protesterte elevane, så den ideen blei lagt til side veldig raskt, avsluttar Kjetil.