Nyhende

– Det er ein veldig lærerik prosess

 – Etter vidaregåande kan eg kanskje tenkje meg å bli reporter, seier Mona Våge frå Dimna. Siste vekene har ho prøvd seg som programleiar for Musikal-TV i årets musikalprosjekt ved Volda vidaregåande skule.

Tekst: Selma Lid // Foto: Andreas Myhre Holen

FRAMSIDEBILETE: Siste sending vart spelt inn på kulturhuset, der mellom anna hovudrolleinnehavarane var gjestar. Foto: Andreas Myhre Holen

Denne saka var publisert i Vikebladet fredag 14.februar

Mona er elev ved Medium og kommunikasjon i Volda. Ho valde denne lina fordi ho ikkje hadde lyst å gå studiespesialisering. Ho ville få meir praktisk erfaring og utvikle evne til å samarbeide og arbeide sjølvstendig.

– Eg trivast svært godt på skulen. Her er godt miljø, og eg får ha ein kreativ kvardag, fortel Mona.

God erfaring

Musikal-TV er tv-sendingar som går i løpet av musikalperioden, som elevane ved Medium og kommunikasjon har ansvar for. Dette gir dei erfaring både som reporterar, nyheitsanker, kameraansvarleg og som mixarar, litt av alt eigentleg. Episodane blir filma i skulen sitt fotostudio, som dei siste vekene har vore gjort om til eit tv-studio.

Fotostudio ved skulen har i musikalperioden vore gjort om til TV-studio. Foto: Andreas Myhre Holen

– Det var litt arbeid å få på plass alt utstyr og alle koplingar. Men det var eigentleg berre kjekt!

Til TV-studio kjem gjestar med ulike roller i musikalprosessen, og blir intervjua live under innspelinga. Ettersom filminga av episodene vert gjort på mandagane og dei vert live-miksa må alt være klart. Innslaga er produsert på førehand av MK-elevar i redaksjonen, og teknikar og medelev Sigurd Meek Aaslid må ha full kontroll på kva som skal visast til kva tid; både alle kamera, innslaga og supring på sendinga. 

– Det vert mykje å halde styr på. Eg skulle gjerne hatt ein ekstra arm, flirar Sigurd.

Mona saman med musikkelev Svenning Veiseth, som var gjest i tredje sending. Foto: Andreas Myhre Holen.

Sjå musikal-TV:

Spanande yrkesval

Mona tenkjer at nyheitsankar eller journalist kan vere eit spanande yrkesval for framtida. Derfor har det vore ekstra interessant å få prøve seg på skjermen i musikal-TV.

– Det er ein veldig lærerik prosess og det er kjekt med erfaring som kan komme til nytte seinare i livet, avsluttar ho.