Nyhende

Raudhette – frå skisse til scene

– Eg gler meg til å sjå kappa til Raudhette flagre på scena, smiler Julia. Ho har vore med på utviklinga av Raudhettekostymet til Musikalen 2020.

Tekst: Sofie Frantsen // Foto: Andreas Myhre Holen og Mona Våge

FRAMSIDEBILETE: – Eg likar godt at stoffet skimrar, det har ein stilig tekstur, seier Julia Sævi. Ho har vore med å lage kostymet til Raudhette. Foto: Mona Våge

Det er første året at musikalen ved Volda vgs er eit samarbeid mellom tre studieretningar. Først tilhørte det store musikkprosjektet musikklina. Seinare vart Medium og kommunikasjons-lina også involvert. 24 år etter fødselen av den første musikalen, har den praktisk-estetiske utdanningsprogrammet Kunst, design og arkitektur (KDA) også blitt involvert. 

Julia Sævik (17) og Marius Stadeløkken (17) er djupt konsentrerte. KDA-elevane har fått ansvar for å samarbeide om Raudhette-kostymet til musikalen Askeladden.dotcom.

– Eg likar godt at stoffet skimrar, det har ein stilig tekstur, seier Julia engasjert. 

– Det vil gi ei eventyrkjensle når kostymet flyg i vinden medan Raudhette spring over scena, tykkjer KDA-medelev Petrine Ystebakk Sjåstad. 

– Ja, det er det eg gler meg mest til å sjå på scena, påpeikar Julia.

Elevane har testa kvaliteten på stoffet og sprunge nokre runder i gangen for å sjå om kappa flagrar slik dei vil den skal. Stoffet vart valt med omhug.

– Det er god flygeteknikk på stoffet, forsikrar Petrine.

Jentene smiler og ler, men snart vender dei nasen ned for å jobbe vidare. Julia rettar blikket mot symaskina. Ho stenger ute alt rundt seg, og har fullt fokus på at nåla skal treffe stoffet rett. Ho er roleg og avslappa, det er tydeleg at dette er noko ho har gjort mange gonger før. 

– Eg gler meg til å sjå kappa til Raudhette flagre på scena, smiler Julia. Ho har vore med på utviklinga av Raudhettekostymet til Musikalen 2020. Foto: Andreas Myhre Holen

Julia har begynt på si tredje kostyme-hette. Tidlegare har ho laga to prototyper før ho endeleg kom fram til den som vart sluttresultatet. Medelevane snakkar litt saman, og hjelper kvarandre der det trengst. Brått tar dei til å syngje. 

– Syngje er noko vi gjer ofte i KDA-klassa, opplyser Julia.  

SJÅ OGSÅ: Fortryllande detaljar

Mange utkast

Stemninga er god. Det er tydelig at elevane har begynt og bli inspirert til og jobbe med dette prosjektet for dei trallar på Disney og “feelgood-klassikarar” medan dei jobbar.

Før kostymet er perfeksjonert er det mange ting elevane må ha i orden. Gruppa samlar seg og snakkar om utfordringar og korleis hetta skal festast på kappa. 

– Den største utfordringa er å få kostymet fint og funksjonelt. Det er ikkje berre funksjonen som skal vere bra men også designet. Hetta blir sydd på separat for å få fin og rett form på sluttproduktet, informerer Julia.

Jobben med kostyma har vore eit nytt og annleis prosjekt for henne. Ho tykkjer det har vore kjekt å lære meir om klesdesign.

– Det kjekkaste med å jobbe med raudhettekostymet er at det er heilt annleis enn det vi har lært til no. Det er gøy å jobbe med kostyme og tekstil, lære om design og å lage klede, smiler Julia.

Samarbeidspartner og medelev Marius fortel om det tunge, men kjekke arbeidet dei held på med. Ting går ikkje alltid slik ein har sett føre seg, men likevel må arbeidet halde fram for å oppnå resultat.  

– Eg laga kappe til Raudhette. Etter at eg klipte prototypen fann eg ut at den var for liten.  Derfor må eg lage ein ny som eg trur blir mykje betre, fortel han med eit smil om munnen.

– Eg har også gjort fleire utgreiingar og funne den optimale størrelsen. Eg er sikker på at den neste blir akkurat slik eg ser føre meg. 

LES OGSÅ: – Noko av det mest morsomme eg har gjort

Perfeksjon

Marius sit på klasserommet og teiknar skisse til den endelege Raudhette-kappa. Når skissa endeleg har tatt form, kjem rolleinnehavaren for å bli tatt mål av.

Marius stressar litt rundt, medan han leitar etter målebandet. Han finn det, og tek nøyaktige mål for å utarbeide kappa.

– Eg tykkjer dette blir bra, smiler tenåringen sjølvsikkert.  

Marius tar seg av biten han no har perfeksjonert. Julia kjem med hetta som også blir prøvd på. Heldigvis passar alt som det skal. Elevane gir kvarandre ein “high five” – kostymet er slik dei har sett det føre seg; det blir magisk.