Nyhende

-Med vilje, tolmod og hardt arbeid blir alt mogleg

Tredjetrinns-musikkelev Skaiste Virkovaite storkosar seg i årets musikal ved Volda vidaregåande skule. Den trivelege jenta og modellen har store ambisjonar for framtida.

Tekst: Ana Sefer // Foto: Ana Sefer og Ståle Hansen

FRAMSIDEBILETE: Gjennom musikalarbeidet kjem folk veldig nær kvarandre, og det er så kjekt, seier Skaiste Virkovaite. Foto: Ana Sefer

Denne saka stod på trykk i Vestlandsnytt laurdag 8.februar.

-Hei! Godt å møte deg, smiler ei blid og omgjengeleg jente. Skaiste Virkovaite (19) er for tida elev på tredje trinnet ved Volda vidaregåande skule si musikklinje. Den skodespel-glade ungdomen er positivt oppstemt før intervjuet. Ho har på seg ein svart «Voldaruss 2020» hettegenser; kanskje gler ho seg til russetida?

Skaiste gir uttrykk for at ho har mykje å drive med, både på skulen og i fritida. Med alt arbeidet som studiet Musikk, dans og drama (MU) inneber, den ambisiøse musikalen, i tillegg til jobben som modell i fritida, har ho kanskje meir å gjere enn dei fleste. Uansett har eleven satt av tid til ein prat for å dele litt om seg sjølv.  

Det er sju år sidan Skaiste flytta saman med foreldra frå Litauen til Noreg. Dei vaksne trengte fleire arbeidsmoglegheiter, og den unge tenåringen tok til i den norske skulen.

-Eg var 13 år, så det var ikkje mitt val på ein måte. Det var foreldra mine som tok valet.Ho sit strak i ryggen og kryssar beina. På den tida var ho innstilt på at det skulle bli fint å flytte og møte eit nytt miljø.

-Eg veit ikkje… Eg var ung, så eg følte at ja, det blir jo bra og det blir kjekt.

Skaiste har alltid likt å jobbe både foran og bak kamera, og som lita hadde ho draumen om å bli skodespelar.

-Det var eigentleg eit heilt spontant val å velje musikklinja. I tillegg så tenkte eg; eg er jo interessert i dans og musikk generelt, så kvifor ikkje?

Etter nesten tre år ved Volda vidaregåande skule, og med den erfaringa musikalen gir kvart år, har Skaiste mykje å snakke om. Auga lyser opp når ho innrømmer at ho såg dei fleste musikalane frå åra etter at ho kom til Sunnmøre, men vart overraska av at det påverka valet hennar til slutt. Første musikalen ho personleg var med på var Cry Wolf i 2018, der ho stod i koret.

Cry Wolf var ein spennande musikal om familien Meyer i Monte Rosa som styrte landet i lang tid. Den dramatiske og artistiske musikalen Back To The Future (2019), omhandla viktige tema som dagens unge generasjon er spesielt opptatt av, miljø og politikk i USA. I denne musikalen fekk ho prøve å danse på scena også.

-Personleg, likte eg Cry Wolf betre enn Back To The Future. Fordi det var meir skodespel og drama.

Årets musikal er Askeladden.dotcom. Den flittige jenta, Skaiste, har fått ei av dei viktige rollene i forteljinga, der ho spelar prinsesse.

Skaiste i rolla som prinsessa i musikalen. Foto: Ståle Hansen

-Gjennom musikaltida kjem folk veldig nær kvarandre og det er så kjekt, fortel ho.

Skaiste utstråler ein god energi gjennom heile intervjuet, men ho lyser litt ekstra opp når ho snakkar om folk frå linja som ho samarbeider med.

-Alle er vennlege og hjelper kvarandre. Det hadde eg høyrt om musikklinja før; elevane skilte seg positivt ut med at alle var koselege og «friendly».

Ho lener seg tilbake, ser rundt seg og snakkar om framtida med ei mild usikkerheit. Fokuset til Skaiste er først å fullføre vidaregåande skule. Seinare ynskjer ho å studere medisin.

-Men, eg har lyst å flytte frå Noreg. Veit ikkje heilt om eg skal flytte heim til Litauen eller til ein annan stad.

Då Skaiste var ny i Noreg, såg ho ikkje utfordringar med livet verken i Litauen eller Noreg, men ho saknar gamle vener og familien i heimlandet.

-No, når eg drar på besøk til Litauen, er det veldig varmt og koseleg, og eg ynskjer at til slutt, heilt til slutt, flytter eg og heile familien tilbake.

Skaiste fortel at ho saknar fridomen til å kunne ordlegge seg på den måten ho ynskjer. Noko mange minoritetsspråklege born vil kjenne seg igjen i.

-Eg saknar det å kunne språket skikkeleg.

Det er lett å snakke med Skaiste. Ho har ein naturleg måte å kommunisere på til dei rundt seg, og gir ei god kjensle av å vere tilstades.

Medan vi tek bilete, fortel Skaiste litt meir om seg sjølv og snakkar om at ho er veldig spent på musikalen. Sjølv om det kan vere vanskeleg og ho blir trøytt av og til, er ho framleis inspirert til å jobbe hardt for rolla si. Ho avbryter meg og smiler enda breiare, medan ho gir meg noko som eg «kan bruke som ein quote».

-Med vilje, tolmod og hardt arbeid, blir alt mogleg. Det gjeld framtida mi også. Når ein set seg eit mål, så blir alt mykje enklare.