Nyhende

– Det er eit stort ansvar

Samstundes som musikkelevane står på scena, har eit knippe MK-elevar ansvar for ein annan og viktig produksjon som blir til under framsyninga.

Tekst: Jorid Vårdal // Foto: Mona Våge

FRAMSIDEBILETE: Sigurd Meek Aaslid og Sofie Frantsen har ansvar for å mikse fleirkameraproduksjonen av musikalen. Foto: Mona Våge

– Vi må passe på at vi får riktig utsnitt, og at vi vel rett kamera til rett tid, fortel Sigurd Meek Aaslid. 

Han har installert seg i mikserommet saman med Sofie Frantsen. Der skal dei to mikse fleirkameraproduksjonen live under framsyningane. Dei har direkte kommunikasjon med dei tre i kameracrewet i salen, som sender bilete frå kvar sitt kamera opp til biletmiksaren. 

– Dei siste dagane har vi følgt med på gjennomkøyringane, og tatt notatar av alt som skjer på scena. Vi må passe på kvart enkelt kamera får med seg viktige detaljar i handlinga, slik at vi får fortalt historia på ein god måte, fortel Sofie. 

Det gjeld å vere konsentrert, då redigeringa av produksjonen skjer “der og då”.

– Det er eit stort ansvar, men eg har fått øvd meg mykje når vi har laga musikal-TV. Eg trur det skal gå fint, avsluttar Sigurd. 

Her kan du sjå alle sendingane av Musikal-TV så langt: