Nyhende

– Mykje teknisk å få på plass

Ålesundaren Sverre Walderhaug (47) er mannen med ansvaret for lyd under årets musikal. Han er kanskje best kjent som “lydmannen”.

Tekst: Oddhild Harman

FRAMSIDEBILETE: Sverre Walderhaug har vore lydmann under musikalen i 15 år. Foto: Andreas Myhre Holen

– Eg har jobba med lyd i 20 år, og har vore lydmann på musikalen i 15 år.

Askeladden.dotcom er ein stor produksjon. Etter at elevar og lærarar skifter beite frå skule til kulturhus, er det mykje skal på plass før premiera. 

– Utfordringa er at det er veldig mykje teknisk å få på plass før premieredagen, tysdag.

Likevel er dette ein jobb den flinke lydmannen ser fram til.

– Det kjekkaste med å jobbe på musikalen er å treffe alle ungdomane og lærarane. Dei er fantastisk flinke, eg gler meg alltid til årets musikal, smiler Sverre lydmann.