Foto, Framheva, Nyhende

Fortryllande detaljar

Elevane ved Kunst, design og arkitektur spelar ei viktig rolle for å få publikum i den rette eventyrlege stemninga. Dei siste vekene har dei jobba med å forvandle stoff, lim og netting om til dei lekraste kreasjonar.

Tekst: Hanne Marie Langvatn Aklestad // Foto: Elisabeth Skorpen Nerland og Hanne Marie Langvatn Aklestad

FRAMSIDEBILETE: Prinsessekrona er ferdig og er pynta med palejettar og sølvspray. Foto: Elisabeth Skorpen Nerland

Dette er første gongen KDA deltek i prosjektet. Dei har mellom anna fått ansvaret for å lage nokre av kostymene du ser på scena, og den eventyrlege verda du vil møte i lobbyen på kulturhuset i musikalveka. I bileta under kan du sjå nokre glimt frå produksjonsprosessen deira. 

Trykk deg inn på kvart enkelt bilete, så får du også sjå bilettekstane.