Nyhende

– Kostyma må passe til både karakteren og resten av musikalen

Det fortel Petrine Ystebakk Sjåstad, elev i 2KDA. Eitt av oppdraga til KDA-elevane har vore å lage fire av kostymene til musikalen.

Tekst: Jay Løvlid

FRAMSIDEBILETE: Petrine Ystebakk Sjåstad i sving med kostymeproduksjon til musikalen. Foto: Andreas Myhre Holen.

– Eg starta med å finne inspirasjon frå Pinterest, og frå kostymelageret på skulen, fortel Petrine.

Gjennom prosessen har designet endra seg mykje, før dei landa på det endelege kostymet.

– Vi måtte ha god dialog med regissørane undervegs, for å sjå til at alt var godkjent. Det er viktig at kostyma passar til både karakteren og til resten av musikalen, fortel Petrine.

Er du nøgd med resultatet?

– Ja, det vart veldig kult til slutt!

Om du vil sjå resultatet av arbeidet, må du hugse å kjøpe billett til ei av framsyningane neste veke!