Nyhende

– Det er spennande å synge i koret

Ørstingen Sunniva gler seg til musikalen og tykkjer det er spennande og lærerikt å synge i musikalkoret.

Tekst: Ina Mårstøl Vinjevoll

FRAMSIDEBILETE: Sunniva Elise Overå skal vere med på musikalen for første gong. Foto: Andreas Myhre Holen

Sunniva Elise Overå (16) frå første trinnet  Musikk, dans og drama (1MU) er med på musikalen for første gang. Rolla hennar er å synge i koret.

– Det er veldig spennande å synge i koret og det er veldig lærerikt.

Musikalkoret har heile seks ulike stemmer; første-og andre sopran, første-og andre alt, tenor og bass. Sunniva syng stemma førstesopran.

– Det mest utfordrande med å vere med i koret er nok å lære å halde på den stemma vi får utdelt, smiler ho. 

Før premiera til musikalen blir det mykje korøving for å finpusse og få stemmeklangen rett.

– Koret øver minimum fire timar i veka i innspurten av musikalen.

– Er det kjekt å synge i koret?

– Det kjekkaste med å vere i koret er å synge og høyre at det blir bra.  Vi forbedrer oss etter kvar øving.