Nyhende

– Vi ligg godt an!

Kapellmeister Gunnar er nøgd med arbeidet i musikkbingane.

TEKST: Ina Mårstøl Vinjevoll

FRAMSIDEBILETE: Gunnar Sigve Aurdal gler seg til å kome i musikalmodus. Foto: Åge André Breivik

Det er fem dagar igjen til musikalen. Gunnar Sigve Aurdal har ansvaret med å  få orkesteret klare til framsyningane.

-Orkesteret ligg veldig bra an. Vi har gjort nokon små endringar for at alt skal gå opp med alle, men vi er i rute.

All musikken som blir spelt gjennom musikalen er det musikklinja som lagar, orkesteret er plassert bak scena.

– Du får kun sjå kven dei er når dei går fram på slutten og bukkar. Vi spelar alt frå gitar til blåseinstrument.

Orkesteret har enda ikkje fått til ei øving med strykarar og blåsarar, sidan mange av utøvarane også er på scena i andre roller. 

– Øvingane går det litt i kluss med. Det er ei utfordring å få logistikken til å gå heilt opp, smiler Gunnar.

Kapellmeisteren gledar seg til framsyningane. Han ser fram til å dra til kulturhuset om få dager. 

– Eg gler meg til å kome meg inn i musikalbobla. Lukta og alt det der som høyrer til musikal-moduset. Når vi har komt oss dit då er alle førebuingane gjort. Då er det berre å levere, det er det kjekkaste, tykkjer Gunnar.