Nyhende

– Kjekt å vere bak kamera og observere alt!

Victoria Myklebust (17) og Rebekka Igland Nygjerd (17) lager dokumentar om Volda vgs-musikalen Askeladden.dotcom.

Tekst og foto: Oddhild Harman

FRAMSIDEBILETE: Den første musikal-dokumentaren blei laga for 16 år sidan. I år er det 
Rebekka Igland Nygjerd  (t.v.) og Victoria Myklebust (t.h) som er ansvarlege for filmen. Foto: Oddhild Harman

– Det går veldig bra med oss, smiler MK-jentene Victoria og Rebekka.

Dei har fått i oppdrag å dokumentere prosessen frå byrjing til slutt. Dokumentarfilmen vil vere eit fint minne å sjå tilbake på for alle som har vore involvert i musikalprosjektet.

– Når vi lagar dokumentarfilm prøver vi å fange det som skjer. Alle prosessane som skjer gjennom innspurten og under musikalen, men også alle morosame augeblikk.

Dei to flittige jentene går begge andre året på studieretninga Medium og kommunikasjon (MK), men dette er første året dei har aktivt tatt del i musikalarbeidet.

– Vi håper dette blir bra! Men vi må filme og redigere langs med heile tida, så vi er sikre på at vi blir ferdig.

– Er det utfordrande?

– Det er veldig kjekt å vere bak kamera og observere alt, spesielt det som musikkelevane gjer. Og vi har lært veldig mykje!