Nyhende

– Utfordrande på ein heilt ny måte

Det seier Emma Sævik er ein av solistane ved årets musikal. Ho bestemte seg allereie i 8. klasse for å byrje på musikklinja på grunn av Musikalen. Det er 7 dagar att til premieren!

TEKST: Selma Lid

FRAMSIDEBILETE: Emma Sævik er ein av solistane til Musikalen 2020. Foto: Mona Våge

– Å vere solist i Musikalen er veldig gøy, seier Emma.

– Det er utfordrande på ein heilt ny måte fordi når ein står i kor får ein støtte seg på andre stemmer, men når du er solist må du prestere. Du har berre deg sjølv å støtte deg på, men det er utruleg kjekt å få bryne seg på det, fortel ho.

– Det mest utfordrande har vært å få regi for det er ikkje eg så vant med. Eg har sunge og dansa i mange år, men det å skulle ta i mot regi og drive med skodespel er ikkje eg så vant med, seier Emma.

Emma var med i «Back to the Future for the World’s Sake» i 2019, og sin fyrste musikal med «Cry wolf» i 2018, og synst den opplevinga var stor.

– Det var første gongen eg var i møte med Musikalen og tenkte «shit!» Dette var drit gøy, fortel ho.

– Eg såg Musikalen for fyrste gong i 8. klasse då dei kom på besøk til Fosnavåg. Då fekk vi sjå på og det var veldig stort. Det var då eg bestemte meg for å byrje på musikklinja.

Følg oss på Instagram og Facebook for å få med deg siste oppdateringar om Musikalen 2020. Billettar finn du på Ørsta kulturhus sine nettsider.