Nyhende

Billettane er ute!

No er det mogleg å skaffe seg billettar til Musikalen 2020! Fredag vart billettane slepte for sal på nettsidene til Ørsta kulturhus.

TEKST: Åge André Breivik, fagkoordinator Medium og kommunikasjon

Musikalen 2020 tek oss med inn i eventyrverda, der me møter kjente og kjære figurar, som Askeladden, Raudhette og Veslefrikk.

Det er mange spørsmål som dukkar opp i møtet mellom dei røyndomane.

– Kva har eventyra å stille opp med i mot Paradise Hotel, Idol, Snapchat, tik-tok, The Voice, osv?

På nettsidene til Ørsta kulturhus finn du no billettar til alle framsyningane. Premieren er 11. februar kl 19.30. Deretter følgjer to framsyningar onsdag og to torsdag.

Direktelenker til billettane

Følg førebuingane på Facebook og Instagram, og hugs å sjekke nettsida vår med jamne mellomrom. Sjåast på musikal!