Det kan vere utfordrande å danse med store Trump-masker på hovudet, men humringa frå salen vitnar om at dansarane greidde seg godt.

– Maskene er litt ubehagelige og vanskelege å sjå gjennom, men dei er ganske kule, meiner Nancy Mutya Markstedt og Sandra Louise Engen frå 1MU.

Tekst: Øystein Nyhammer // Foto: Benedikte Fagerhol Vartdal // Video: Maren Vassbotn

Under årets musikal blir publikum tatt med gjennom mange ulike univers, der mellom anna kostymene er viktige for å setje den rette stemninga. I eit par av scenene dukkar også den noverande presidenten i USA opp, i form av elleve dansarar med store handlaga Donald Trump-masker. Nancy og Sandra frå 1MU er to av elevane som skjuler seg under desse.  

– Korleis er det å bruke maskene når de dansar?

– Dei er litt ubehagelige og vi ser lite så dei er vanskelege å danse med. Men dei ser ganske kule ut, meiner Nancy og Sandra.

LES OM EIN AV DEI SOM KJEMPAR MOT TRUMPMASKENE I MUSIKALEN: Frå Benjamin Kanin til spøkelsesjeger

Første øvinga med maskene gjekk sånn passe. Det var vanskelig og sjå med, og maskene var ikkje skikkelige festa på. Men etter kvart har dei fått kontroll på det, og etter publikum sin reaksjon å dømme, vart det ein suksess.

Tidkrevjande handarbeid

Alle maskene er laga for hand, og Nancy og Sandra deltok sjølv på maskeverkstad ein ettermiddag i februar.

– Det var ein lang og slitsom prosess med klipping og liming. Vi brukte 4 timar på ei halv maske, så vi kom ikkje heilt i mål sjølve, fortel dei.

LES OM KOSTYMEARBEIDET: – Det er litt kaos

Ei maske tek omlag fem-seks timar å lage, og med 14 masker totalt, for å ha nokre i reserve, ligg det godt over 70 arbeidstimar bak. For å kome i mål med alt til slutt, har musikalen også fått god hjelp av elevar i 2MK1 og 1KDA.

Sjå video frå maskeverkstaden her: