Johannes Kristiansen i ein imponerande gitarsolo. Effektfulle digitale kulisser er laga av elevar ved Medium og kommunikasjon. (Foto: Ida Amalea Furseth)

– Eg starta med gitar for fem år sidan, sidan har eg spelt heile tida, seier Johannes Kristiansen. No er han klar for sin siste Volda-musikal.

TEKST: Tor Haug Svendsen

[ARTIKKELEN ER TIDLEGARE PUBLISERT I VIKEBLADET/VESTPOSTEN, I PAPIRUTGÅVA LAURDAG 16. FEBRUAR 2019.]

Johannes godt fokusert på gitar spelinga under ei øving i  musikkbingane. (Foto: Tor Haug Svendsen)

Johannes Kristiansen er 18 år, og går tredje året på musikklina ved Volda vidaregåande skule. Han speler gitar i musikalorkesteret under Musikalen 2019.

– Plutseleg ein dag fekk eg lyst å lære meg eit instrument, seier attenåringen.

Den dagen var i januar 2014. Storebroren til Johannes hadde ein gitar liggande, så det blei instrumentet Johannes byrja spele.

– Det enda eigentleg berre med at eg brukte den ei stund så kjøpte eg meg min eigen etter kvart. Så har eg berre dilla sida da, men eg veit ikkje kor inspirasjonen kom frå eigentleg, seier han.

Det var slik interessa for musikk starta for Johannes.

LES OGSÅ: No er det tango for to

– Spennande i orkesteret

– Før det høyrte eg berre på sånn skikkeleg syre og dubstep og liknande. Etter det har eg høyrt på alt, seier han.

Med songane som er i musikalen er det veldig spennande å kunne spele i orkesteret.

SJÅ VIDEO: Forventningane til orkesteret

Johannes har byrja å få veldig god trua i musikalen. Bitane fell på plass og han ser biletet av det mykje klarare no.

– Det blir ei heilt anna oppleving enn i fjor men eg trur det kan fortsatt bli ein veldig kjekk musikal for publikum, seier han.

Musikalorkesteret øver saman i ein av musikkbingane. (Foto: Tor Haug Svendsen)

Klar for sin siste musikal

Johannes har vore med på to musikalar tidlegare, med masse erfaring er han og gitaren hans klare for sin siste musikal. Gitaren hans har vore gjennom mange sjangrar tidlegare og er klar for sine siste framsyningar.

At han no skal i elden med gitarsolo var ikkje noko han såg for seg då han sette seg på bussen frå Ulsteinvik til Volda for tre år sidan.

– Eeeeh… Nei eigentleg ikkje, det var ikkje noko mål som eg hadde men det var kjekt at eg fekk det, avsluttar han.

LES OGSÅ: Hardt arbeid, men gler seg til å vise fram