Nesten ingen av kostyma under årets musikal vart brukte om att. Dermed vart logistikken eit stort arbeid. Foto: Ida Amalea Furseth.

Det var nesten ingen kostymer som vart brukte om att i musikalen 2019, så det var nye kostymer i nesten kvar scene.

TEKST: Tor Haug Svendsen

Kostyma til musikalen krever masse arbeid, og det har tatt mange timar å lage dei. Nokre av kostyma treng fleire lag og fleire strok, og når nokre kostymer tørkar kan ein halde på med andre kostyme. Ein må jobbe i puljer for at alt skal gå på skinner. Når Ingvil Håberg Velle takka ja til jobben forventa ho ikkje så mykje arbeid.

Når dei kom på plass på Ørsta kulturhus har dei gjort seg godt til rette og tenkt ut eit godt system som dei håpar passar i praksis. Nokre av elevane har ordna meir plass til kostyme og rekvisittar som har vore til stor hjelp. Ingvil har fortald oss at andre og tredje klasse har ganske god kontroll og oversikt, medan førsteklassingene treng meir hjelp.

Mykje logistikk

– Men eg trur det skal gå bra, det har det gjort kvart år, seier dei, fortel Ingvil.

Det er veldig stor variasjon og antall av kostymer til musikalen. Det er nesten ingen kostymer som blir brukte om att. Dermed er det nye kostyme i nesten kvar scene, og det er 21 scener totalt. Det er mange kostyme å halde styr på.

LES OGSÅ: Vakkert, grasiøst, sjarmerande, dramatisk og tankevekkjande

Det er elevane som må ha kontroll på kvar kostyma deira er og kvar dei skal skifte. Nokre skal skifte bak scena, nokre skal skifte i gangen og nokre i garderobane, så det krever mykje planlegging.

Trumpmaskene som vart nytta i musikalen var laga av elevar og lærarar som er med i prosjektet. Foto: Tor Haug Svendsen.

Betre med gjennomkøyringar

– Det er litt kaos. For elevane har ikkje fått nok gjennomkøyringar til at dei veit heilt kva dei skal og når, fortalde Ingvil etter førpremieren.

Det har blitt mykje betre når musikkelevane har gått gjennom forestillinga nokre gonger. Sidan det er elevane som skal ha kontroll over sine egne kostyme er det veldig viktig at alle har kontroll over kvar sine ting er og ikkje rote rundt i andre sine kostyme.

Det er eit veldig stort utvalg av kostyme i Musikalen 2019. Vi ser oljearbeidarar, ein inuitt, politikarar, astronautar, robotar, bjørnar, ein brannmann og miljøaktivistar.

SJÅ BILETGALLERI: Glimt frå ein premierekveld