Torine Kopperstad øver til Musikalen 2019. Foto: Hannah Leite Sætre.

Snart riggar Volda vidaregåande til sin tjuetredje musikal. Torine Kopperstad (18 år) frå Nerlandsøya gler seg til å vise fram ein heilt unik musikal.

TEKST: Maren Vassbotn

Denne artikkelen er tidlegare publisert av Vestlandsnytt, 15. februar 2019.

Årets musikal “Back to the future – for the world’s sake” handlar om klimautfordringane vi har i dag. Musikalen har musikk frå filmklassikarar som “Tilbake til fremtiden”, “Gudfaren” og “Schindlers liste”.

Torine synst at årets musikal er veldig spennande. Før har der vore ei fast forteljing som følgjer ein person, men i år er det ikkje ei samanhengane handling.

Handlinga skjer rundt forskjellige klimaendringar. Koret står ikkje på fast plass, men dei forflyttar seg frå tid til annan. Sidan forestillinga er så forskjellig i år er mange spent på korleis det blir.

– På eit tidspunkt skal vi vere i ein ørken og eit anna er vi på Antarktis. Eg er veldig spent på om vi greier å gjennomføre det slik at folk skjønar handlinga, seier ho.

LES OGSÅ: Vakkert, grasiøst, sjarmerande, dramatisk og tankevekkjande

Siste musikal for Torine

Denne musikalen er ekstra spesiell for henne. Dette er siste gong ho opptrer på scena i Ørsta kulturhus.

– Eg kjem til å nyte det ekstra og sette ekstra pris på det uansett om eg er utmatta og sliten, fortel ho.

I år er det tredje gongen for Torine og klassa hennar. Ho skal stå i koret med over 50 andre og det er akkurat dette samhaldet ho kjem til å sakne. Koret har eit sterkt band etter heile øvingsprosessen. I heile musikalprosjektet er der ca. 120 elevar og lærarar involvert.

– Alle i koret har godt samhald. Vi sit ilag, har pause ilag, er slitne ilag og vi gjer alt ilag.

LES OGSÅ: Kvifor treng koret oppvarming?

Torine gler seg veldig til sceneteppet går opp på første framsyninga. Å sjå ferdig produkt som viser alt arbeidet er alltid kjekt. Sceneteppet går opp og alle nyter opplevelsen stort.  I år gler ho seg spesielt til ho skal spele eskimo på scena.

Torine Kopperstad på scena som inuitt under Musikalen 2019. Foto: Åge André Breivik.

– Eg kjem til å nyte det ekstra og sette ekstra pris på det uansett om eg er utmatta og sliten.

Torine kopperstad (18)


Heile familia støttar

Kvart år har heile familia til Torine komt å sett musikalen. Mora hennar hjelper med å sy kostyme, men elles hjelper alle til med kostyma.

– Ho mor kjem til å bli veldig stolt visst ho ser eg har sydd, ler Torine.

BILETGALLERI: Glimt frå ein premierekveld