Logoen finst i ein enkel utgåve og denne meir detaljerte utgåva som er brukt mellom anna på Facebook.
Logoen til Musikalen 2019 kjem ikkje frå ingenting. I år var det grafisk design-elevar som utgjorde logogruppa.
TEKST: Mari Holstad Hauge
Tidleg i musikalprosjektet var det grafisk design ved Medium og kummunikasjon som fekk oppgåva å lage logo til musikalen. Desse jobba hardt og mykje med å få utarbeidd denne logoen som er perfekt til årets musikal.
Musikklærarane vart meget imponert over grafiskgruppa når dei i januar fekk sjå resultatet.
LES OGSÅ: – Veldig lærerikt
MK-lærar Håvard Krøvel-Velle vart stolt over resultatet, og forma logoen endå meir slik den har meir visuelle effekter i seg, til publisering på Facebook. I tillegg til sjølve logoen har gruppa også valt korleis tittelen skal vere i høve til logoen.
– Vi har laga ulike variantar til korleis tittelen skal forme seg etter logoen, seier Håvard.

Liv og død
Jin Jang symbolet i logoen representerer liv og død. Sidan musikalen “Back to the Future – for the World’s sake” handlar om øydeleggelsar i naturen, er dette symbolet relevant for temaet. Det visne treet i logoen symboliserer død, og kontinenta symboliserer kva vi øydelegg med til dømes forureining og auka utslepp av CO2. I årets logo er det mykje kjensler og tolking.
Logoen er grøn og kvit, dermed vart det også diskutert korleis t-skjortene til årets musikal skulle sjå ut.
– Det var ein kjempefin grønfarge som hadde passa godt til sjølve t-skjortene, denne fargen burde erstatte det svarte som har vore på t-skjortene før, sa ein av musikklærarane då elevane presenterte ideen.
LES OGSÅ: Frå Benjamin Kanin til spøkelsesjeger
– Krevjande, men gøy
Madeleine Vatne Viddal er leiar for kulisser i den grafiske gruppa. Ho fortalde at prosessen med å forme ein logo var krevjande, men gøy.
– Håvard sa til oss i går at vi har vore veldig raske med å få ferdig logoen, sa ho, då logoen var presentert. Dette synest Madeleine var kjempe kjekt å høyre!
Ho fortel også om korleis grafisk design har jobba med logoen og vidare utviklinga frå ideen til logoen.
– I starten laga alle skisser for korleis vi tenkte logoen skulle sjå ut. Ut frå det valde vi ut tre stykker som var kandidatar til å vise fram til musikklærarane, fortel ho.

Utvikling og vidareutvikling
– Når dei hadde fått sett dei ulike logoane så vidareutvikla vi dei tre vi hadde, seier ho.
Tre grupper arbeidde deretter vidare med 3 forksjellige logoa. Desse vart vistre fram på eit nytt møte når dei var ferdigutvikla. Så valgte dei jin jang-teiknet som logo fordi dei følte det passa til det musikalen vil formidle.
– Logoen er veldig gøy med mange geometriske figurar som er veldig greit å jobbe med. Det var denne logo ideen hadde vi frå starten av, seier Madeleine.
SJÅ BILETGALLERI: God stemning bak scena
Miljøfarga logo
Musikklærarane var veldig begeistra over fargevalet til logoen, sidan det er ein veldig spesiell grønfarge.
– Vi tenkte å ha ein trendig grønfarge som symboliserar miljøet på ein god måte, fortel Madeleine.
Logoen ser du att på nettsida, på plakaten, programheftet og vignetten til videoane her på musikalen.no.