– Det er kjekt å vere med på noko som er større enn seg sjølv, seier MK-elev Benedikte Fagerhol Vartdal.
Tekst og foto: Hannah Leite Sære
Benedikte Fagerhol Vartdal (17) er ein av mange MK-elevar ved Volda vidaregåande skule. Det er andreklassingene ved medielinja som står for produksjon av bilete, artiklar, videoar, logo og liknande under årets musikal.
– Det er givande og sjølvsagt spennande å få vere med på produksjonen av årets musikal, fortel Benedikte. Ho har for det meste jobba som journalist for medieredaksjonen, samt tatt bilete til bildeseriar.
LES OGSÅ: SÅ MYKJE ARBEID LIGG BAK EITT BILETE
– Eg har vore med på å skrive litt av kvart, det har vore veldig lærerikt, seier ho.

Fotogruppa har fått ansvar for blant anna bilde til programhefte, bilde til bildeseriar og bildegalleri. Noko anna dei har ansvar for er å ta stemningsbilder av MK- og musikkelevar. Fotografane har også ansvar for å ta bilder under forestillingane til musikalen.
LES OGSÅ: FRÅ FILMENTUSIAST TIL DOKUMENTARFILMSKAPAR
– Å ta konsertfoto under musikalen er noko eg gledar meg til. Eg likar å ta bilder som fangar stemninga som er på scena. I tillegg har eg litt erfaringar med slike bilde fra tidelegare oppgåver, fortel Benedikte.
SJÅ BILETGALLERI: Glimt frå ein premierekveld
Musikalen.no er ei eiga side der det blir publisert produkt som MK-elevane lagar. Her blir det publisert artiklar, videoar, biletseriar, osv. I tillegg er det sendt ut artiklar til dei ulike lokalavisene i nærområdet. Musikalen har også ein instagrambrukar som er verdt å sjekke ut: @musikalenvoldavgs.
«Back to the Future – for the World’s sake» er den 23. musikalen som er laga ved skulen. Den hadde premiere 19. februar på Ørsta kulturhus, og framsyningane heldt fram til 22. februar.