Ein sentral del av fotoarbeidet er å fotografere under framsyningane. Foto: Rebekka Madsen.

– Om eg har ein heil dag der eg berre tek bilete blir det fort mellom 1000 og 2000 bilete, fortel Tor Haug Svendsen.

Tekst og foto: Rebekka Madsen

Elevane i 2. klasse ved medium- og kommunikasjonslina har forskjellige oppgaver under musikalen. Tor Haug Svendsen har i oppgåve å ta bilete under framsyningane for å kunne dokumentere og for at elevane som er med har nokre minner som dei kan sjå tilbake på.

Les meir og sjå video: BAK BILETA I PROGRAMHEFTET

Å finne gode motiv

Tor fortel at når han skal ta bilete prøver han å planleggje ved å finne ut av kva som skjer og kor lyset treff. Dette gjer han for å få mest mulig gode bilete.  

– Så lenge du kan sjå noko, om det berre er omrisset eller deler av ansiktet kan det bli eit stilig bilete. Det er det eg prøver å fokusere mest på, seier Tor.

Når han veit kva han skal fokusere på og går ut for å tar bilete kan han fort ende opp med å ta ein del.

– Om eg har ein heil dag der eg berre tek bilete går det fort mellom 1000 og 2000 bilete, seier han.

Etter at han har tatt bileta skal han gå gjennom dei og velge ut dei beste. Av desse skal han sitte igjen med 10-20 stk. Det vil seie at ca eitt av 50 bilete blir brukt til slutt.

Sjå biletgalleri: GLIMT FRÅ EIN PREMIEREKVELD

Prosessen med etterarbeidet

Når Tor er ferdig å ta bilete må han sette seg ned å gjere etterarbeidet. Det går ut på  å velge ut bilete og å redigere dei. Når han held på med dette må han fokusere på visse ting.

– Det må ha godt fokus, og kan gjerne vise ein følelse. Eg må også kunne vere stolt over at biletet ligg ute på nett, fortel Tor.

Om Tor har brukt ein heil dag på å fotografere, kan det ta opptil ein heil dag å velge ut bilete og redigere dei.

– Det er tidkrevande arbeid, men det er veldig gøy, seier han.

Etterarbeidet med bileta kan vere tidkrevjande.

Blir brukt til minner

Tor fortel at bileta han tar blir lagt ut på musikalen si eiga nettside, musikalen.no. Bileta er til meint for å gi publikum eit innblikk i musikalarbeidet, og for å gi elevar og familie minner å sjå tilbake på.

– Det er kjekt for musikkelevane og familiane deira å få sjå kva som skjer og kva dei held på med, avsluttar Tor.