For meg er musikalen eit av høgdepunkta i år!

Noa Sebastian Skaare Gjerseth (17) er ein av dei fire medieelevane som skal lage dokumentarfilm til musikalen i år.

Tekst og foto: Benedikte Fagerhol Vartdal

Medan musikkelevane set seg inn i songane og manuset, listar dokumentarfilmgruppa seg rundt og fangar musikaleventyret på film. Dei har fått i oppgåve å gi dei utanfor musikalen eit innblikk i kva MK- og musikklinja driv med. Gruppa fordelar arbeidet likt og prøver å fange fine augneblinkar som lærarar og elevar kan sjå tilbake på.

– For meg er målet med dokumentaren å gi andre eit innblikk i kva musikk- og medielina driv på med. Vi vil óg gi elevane ei moglegheit til å sjå tilbake på musikalen, og vekene opp til framsyningane, fortel Noa.

Målet for Noa og resten av dokumentarfilmgruppa er klart: Å få til ein god dokumentar. I staden for den klassiske oppdelinga med regissør, fotograf, lydmann og klippar delar gruppa rollene likt mellom seg. Dei finn ut kva slags klipp dei treng å filme og fordeler arbeidet utifrå kven som vil gjere kva.

– Når vi er “ute i felten” er vi ofte to og to ilag for å forsikre oss om at alt går slik som det skal, fortel Noa.

Tidleg filminteresse

Heilt sidan han var ein liten gut har Noa vore interessert i film. Interessa slo ordentleg inn då han begynte å sjå på Marvel-filmar. Då vart han merksam på filmteknikk og korleis ein lagar filmar folk vil sjå.

Interessa har utvikla seg vidare til at han sjølv har starta å jobbe med eigne produksjonar. Blant anna var han co-regissør i ein dokumentar om surfing på Stadt, i samband med eit prosjekt ved MK-linja. Frå den filmen har han lært mykje som han vil få bruk for i musikaldokumentaren.

– I surfedokumentaren lærte eg alt ifrå korleis halde eit godt intervju og kva kameravinklar som fungerar best, til forskjellige ting ein burde passe på når ein skal bruke kamera i dårlege forhold. I musikalen vil eg få mykje bruk for den erfaringa sidan rette kameravinklar og gode svar frå dei vi intervjuar er viktig i historieforteljinga, kan han fortelje.

Noa vart med i dokumentarfilmgruppa fordi det er den einaste gruppa i musikaltida som hovudsakleg jobbar med FILM. I tillegg var surfedokumentaren ei kjekk oppleving og han ville gjerne vere med på å lage ein ny dokumentarfilm.

Inspirert av store filmskaparar

Det å fortelje ei historie gjennom film er noko Noa synest er interessant. Han likar korleis dei store filmskaparane, til dømes Quentin Tarantino fangar publikum ved hjelp av filmteknikk. Det har ført til at Noa har vorte ein stor tilhengar av han.

– Personleg meiner eg at historia er noko av det viktigaste i ein film. Om historia og måten ein fortel historia på ikkje er på plass, vil det ikkje bli ein særleg god film. Filmskaparar som Tarantino er spesielt gode på dette. Han greier å fange publikum, men fortsatt ha ein sjølvironi og greier å ikkje ta filmane sine altfor seriøst. Dette er litt av grunnen til at han har vorte ein stor inspirasjon for meg.

Ein annan filmskapar Noa held kjær er Edgar Wright, som har blant anna regissert Baby Driver.

– Alle klippa i filmane hans har ei meining. Alt i frå ein kopp som treff bordet til ein fyr som dett ut av ei bygning, alt treff perfekt, enten til musikken eller til ei takt i bakgrunnen. Alt i filmane hans er gjennomtenkt.

I dokumentarfilmskapinga er dette ein slags kontrast frå filmane idola til Noa lagar. I Wright sine filmar er alt nøye planlagt på førehand, noko dei ikkje får gjort i like stor grad i dokumentarfilm. Dei skriv manus på førehand, men det er ikkje å gjere dette like detaljert som i ein spelefilm. Ein veit aldri heilt sikkert kva som kan skje.

– Når vi skal jobbe med dokumentar kan uventa ting plutseleg skje, men å gå ut å filme utan nokon plan er ikkje gunstig/ideelt. Derfor er det bra å ha ein plan som viser kva for klipp ein burde ha, meiner Noa.

Spanande vri i år

I år heiter musikalen: “Back to the Future – for the world’s sake”. Då er det spesielt fokus på klimautfordringane i dagens samfunn. Isen smeltar, havnivået aukar og temperaturen stig. Det at musikalen tek opp eit slikt tema i staden for å ha eit kvardagsleg tema var noko som overraska Noa positivt.

– At den ikkje følgjer ei fast tidslinje slik som i dei tidlegare musikalane, og at den heller blir ein antologisk musikal er ein vri eg set pris på. Eg trur Jan Terje har forstått at å halde seg til A4 er kjedeleg. Musikalen i år er ny, kreativ og eg trur den har potensiale til å bli kjempebra! avsluttar Noa.