Rektor Trond Hjelseth var ein av dei som kom på scena etter premieren på Musikalen 2019. Foto: Åge André Breivik.

Det var berre godord å hente då rektor og representantar frå kommunane kom på scena etter premieren på «Back to the Future – for the World’s sake» i går.

Sjå video av talane nedst i innlegget.

På scena kom rektor Trond Hjelseth frå Volda vidaregåande skule. Han var svært godt nøgd med sine elevar og tilsette etter å ha sett premieren.

LES OGSÅ: Vakkert, grasiøst, sjarmerande, dramatisk og tankevekkjande

Etter han følgde varaordførar Sølvi Dimmen frå Volda kommune opp, før dei overlet ordet til ordførar Stein Aam i Ørsta kommune.

Musikalsirkuset held fram i to dagar til, og du kan skaffe deg billettar på nettsida til Ørsta kulturhus.

https://vimeo.com/318496289