Camilla Follestad og Gloria Elizabeth Minkov var full av lovord etter førpremieren. Foto: Daniel Pilskog Homberset

Det meiner Gloria Elizabeth Minkov og Camilla Follestad, som var publikum på førpremieren av musikalen Back to the Future – for the Worlds sake, i føremiddag.

Tekst: Øystein Nyhammer // Foto: Daniel Pilskog Homberset

– Eg synes det var veldig bra, med viktig tema, flinke songarar og dansarar. Eg trur eg aldri har sett så bra scenografi før og helskapen var berre fantastisk, legg dei til.

Elizabeth Skorpen Nerland og Julia Sævik var godt nøgde med det dei fekk sjå.

Elizabeth Skorpen Nerland og Julia Sævik fekk òg med seg framsyninga. Dei er begge elevar ved Volda vidaregåande.

– Eg synst den var sikkeleg fantastisk å sjå på! Sida vi går kunst, design og arkitekturlinja no, gleda vi oss sjukt mykje til å samarbeide med dei neste år. Det var eit veldig emosjonelt tema, og eg likte spesielt ei scene med ballettdans. Det var veldig sterkt, seier Elizabeth.

Julia Sævik likte særleg godt scenene med nokre spesielle masker, som også falt i smak hjå publikum i salen.

– Nokre av oss frå KDA-linja var med å lage desse maskene, så det var kjekt å sjå dei på scena.