Dina Hovde (t.v.) og Elias Myklebust er to av Volda vgs-elevane som ikkje er med på Musikalen 2019. Begge foto: Natalie Johannsen Øvrelid.

Premieren på Musikalen 2019 nærmar seg med stormskritt og elevar og lærarar ved Volda vidaregåande skule jobbar på spreng for å få alt klart.

TEKST: Amanda Holstad Ramstad

Musikklinja og 2. klasse medium og kommunikasjon er dei som er med i produksjonen til årets musikal, men kva tenkjer dei andre elevane på skulen?

LES OGSÅ: SJÅ MUSIKALEN FØR ALLE ANDRE

Følgjer med frå sidelina

Elevane som går studiespesialisering er ikkje involverte musikalane, så når MU og MK dedikerer all si tid til song, dans, filming og fotografering, sit dei framleis med nasene ned i skulebøkene.

Elias Myklebust og Dina Hovde er to av desse elevane.

– Eg har vore litt inne å sett på Musikalen.no, heiter den ikkje noko med «Back to the Future»? Det er vel noko miljø-greier, seier Elias.

– Ja, at dei skal redde planeten. Eg har aldri sett ein av musikalane sjølv, men eg har høyrt frå mange at dei brukar å vere veldig bra, og at elevane er veldig flinke, legg Dina til.

Noko for alle?

Då musikalen starta 1996 var det berre med elevar frå Musikklina, Medium og kommunikasjon kom inn seinare. Til neste år skal det også prøvast å få med elevar frå den nye lina; Kunst, design og arkitektur. Studiespesialisering og påbygg har ikkje noko med musikalen å gjere, men hadde dei ville det om dei fekk tilbodet?

– Nei, eller jo de verkar jo kjekt, men eg kan ikkje synge. Eg kunne stått litt ut på sida og heldt ei palme eller noko, ler Dina.

– Trur nok ikkje det. Eg likar ikkje så godt å synge og eg kan ikkje danse eller filme, men eg veit mange som sikkert ville ha vore med, seier Elias.

Jay Løvlid går i 1MK1, og gler seg til å vere ein del av musikalprosjektet som VG2-elev neste år. Foto: Benedikte Fagerhol Vartdal.

Gler seg til å vere med

Musikalen er eit årleg fenomen ved Volda vidaregåande, og er ofte ein av faktorane til at somme vel å gå Musikk, dans, drama eller Medium og kommunikasjon på skulen.

LES OGSÅ: Siste innspurt før premieren

Jay Løvlid går 1MK og gler seg masse til musikalen neste år, når han endeleg får sleppe til.

– Eg er veldig glad i musikalar generelt og høyrar ofte på dei. Derfor syns eg det er veldig kult at vi får lage vår eigen her på skulen, seier han.

– Eg har ikkje sett så mange av musikalane til skulen, men eg har sett videoinnspelinga av den frå 2018, Cry Wolf, seier han.