Koret hadde si siste øving på Volda vidaregåande laurdag. Frå søndag er det Ørsta kulturhus som er basen. Foto: Halvor Øvereng.

– Det blir kjekt å få vise fram musikalen, seier Ingeborg Frøland Ryste. I dag var ho med på siste øving på Volda vidaregåande, før musikalsirkuset flyttar til Ørsta kulturhus.

Tekst: Hannah Leite Sætre

Musikalen nærmar seg med stormskritt, det er berre nokre få dagar til premieren. For aller fyrste gong opnar sceneteppet seg for å vise “Back to the Future – for the world’s sake”.

Elevar og lærarar har jobba både dag og natt for å få til “tidenes musikal”, og no skal dei snart få vise fram resultatet av alt det harde arbeidet til publikum.

Får opptre heime i Ørsta

Etter mange harde og intense øvingar byrjar trinn og replikkar og sitje. Under denne store produksjonen er det mykje som skal gjerast, og alle er avhengige av kvarandre. Det er viktig at fokuset er på rette plassen i ei so hektisk periode, for at alt skal gå etter planen.

Ingeborg Frøland Ryste blir med på lasset når musikalsirkuset flyttar til Ørsta kulturhus. Foto: Halvor Øvereng

Ingeborg Frøland Ryste, frå Ørsta er blant anna ein av dansarane under musikalen. For ho er det ein fordel at musikalen foregår på heimplassen Ørsta. Ho gler seg til å flytte til Ørsta.

– Det gir ei meistringskjensle når ein føler at ein endeleg har klart å fullføre alt saman og er klare til å presentere det ferdige produktet for publikum, fortel Ingeborg.

No er det så nær premieren at det er berre ein siste gjennomgang i Volda. Etter dette flyttar heile musikalen til Ørsta på søndag.

Rigginga er i gong

Rigginga av scene og lys er allereie for fullt i gong i Ørsta, no er det berre musikalgjengen som manglar.

– I Ørsta er det meir tilrettelagt enn i Volda, det er meir stas. Der er ei skikkelig scene og vi har heile kinosalen, fortel ho.

Allereie 19. februar er det premiere på den 23. musikalen “Back to the future – for the World’s sake”, i regi av Musikk, dans, drama og Medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande skule.

Dette blir ein musikal som absolutt er verdt og få med seg. Billettar får du på Ørsta kulturhus sine nettsider eller ved å følgje lenkene i høgremargen her.

Tre dagar før premieren gjer musikkelevane ein siste innsats i Festsalen på Volda vidaregåande skule. Foto: Halvor Øvereng.