Elevar og lærarar øver i festsalen på Volda vidaregåande. Foto: Tor Haug Svendsen.

Tysdag føremiddag kan du sjå førpremieren av “Back to the future – for the world’s sake” før alle andre.

Tekst: Leander B. Bondhus og Anker Aleksander Bugge

Dette er den 23. musikalen i Volda VGS si rekke av musikalar, og også denne gongen har musikalen ei fin historie. Musikalen tar føre seg viktige miljøproblem som til dømes global oppvarming og plastforsøpling. Det handlar om miljøkampen på jorda, men også om oss sjølve.

LES OGSÅ: Går på scena med filmgodbitar for miljøet

For fyrste gong er det billettar til sals til førpremieren av musikalen. Tidlegare har dei fleste framsyningane blitt utsolgt, men i år er det billettar til førpremieren så enda fleire kan få oppleve musikalen.

Musikalen skal ha fem kveldsframsyningar og i tillegg ein førpremiere. Så om du ikkje får billettar til ei kveldsframsyning, er det fortsatt håp om å få sjå musikalen. Det er rundt 100 elevar som har jobba hardt for å få musikalen til det nivået dei ynskjer å nå.

Billettar kan du kjøpe på Ørsta kulturhus sine nettsider, eller ved å trykke på lenkene i høgremargen.

Sidan det er den heilt første framsyninga og ei generalprøve, er det redusert pris. Førpremieren startar kl.11.30 tysdag 19.2, og billettar ligg til salgs på ørsta kulturhus sine sider. Gå og kjøp nå!

Følg oss på Facebook og på Instagram for å få oppdatert informasjon om Musikalen 2019.