Designet er på plass!

* Dette biletet er tatt under designmøtet til Medium & kommunikasjon og Musikklinja. Foto: Elisabeth Steinnes.

Det nærmar seg musikalen, og arbeidet med logo har prega den siste tida. No er den på plass, med eit gult og lilla design. Om 25 dagar startar MUSIKALEN 2018, CRY WOLF!

Tekst: Brian Dale

* Håvard Krøvel Velle, lærar 2MK1. Foto: Brian Dale.

Den 8. januar vart designet presentert for første gong. Tre elevar fra Medium & kommunikasjon presenterte sitt utkast. Dei første skissene viste at både gult, lilla, mørkt og litt dystert ville prege musikalen sitt visuelle uttrykk.

Det var jo litt prega av at dette var det første designmøtet, og det var knytt spenning til elevane sine idear og kva tilbakemelding me ville få, seier Håvard Krøvel-Velle, ein av lærarane i 2MK1.

Designmøtet kom allereie andre veka inn i prosjektet, og dermed hadde ikkje elevane så mykje tid på seg.

–  Tilbakemeldingane frå både regissør og musikklærarane er utruleg viktig for arbeidet framover. Så no har elevane litt meir å sikte seg inn på, og veit kva fokus dei må ha. Det blir utrulig spennande å sjå framgangen, fortel han vidare.

Startar med blanke ark!

– Me byrja med ei idefase, der me skreiv ned alle idear me hadde, seier Tomas Sævik. Han er leiar for den grafiske gruppa under musikalen.

* Tomas Sævik er leiar for den grafiske gruppa under Musikalen. Foto: Brian Dale.

– Me såg på tidlegare logoar, og kom fram til fargane gul og lilla i år. Gul blir brukt symbolsk i store delar av handlinga. Lillafargen er nokolunde komplimentær til gulfargen, og dessutan er ultrafiolett årets farge i 2018. I tillegg tenkjer me å bruke ulv som eit symbol på Cry Wolf, legg han til.

Etter møtet gjekk prosessen fort, og berre ei veke seinare var det endelege designet klart.

– Sluttproduktet vart svært godt. Me føler at logoen og plakaten formidlar konsept og handling på ein god måte, utan å avsløre for mykje. Me håper plakaten vil skape mystikk og forventning. Plakaten spelar på store kontrastar og spenning. Me er veldig fornøgd med årets design, og me gler oss til musikalen, seier Tomas Sævik.

Du finn billettar på Ørsta Kulturhus sine nettsider.

Og med det ser me fram til Musikalen 2018, CRY WOLF!