– Det var ein helt fantastisk musikal

Pressekonferanse i Monte Rosa. Ei scene frå premieren på musikalen! Foto: Elisabeth Steinnes


No er det mange letta musikkelevar som har gått heim frå Ørsta Kulturhus. Premieren på musikalen “Cry Wolf” er ferdig, og framsyninga gjekk strålande for seg for ein fullsatt kulturhussal.

Tekst: Brian Dale

Solgunn Tilseth Breivik saman med Brian Dale fra 2MK. Foto: Jens Myklebust

Premieren gjekk veldig fint for seg, og musikalen var godt gjennomført.

På veg ut av Ørsta Kulturhus tysdag kveld etter premieren prøvde vi å høyre sjåarane sine meiningar om premieren.

Solgunn Tilseth Breivik er komen i frå Lauvstad for å sjå premieren på musikalen. Det var verdt det meinar Solgunn.

– Det var ein helt fantastisk musikal. Eg likte den utruleg godt, og den var så profesjonelt og godt gjennomført, seier Solgunn.

Handlinga i musikalen «Cry Wolf» er lagt til den sør-europeiske staten Monte Rosa, der ein politisk familie hamnar i ein veldig vanskeleg situasjon. Musikalen er skriven av musikklærar Gunnar Sigve Aurdal og Vibeke Preus Bech. Sistnemnde er også regissør på musikalen som hadde premiere tysdag kveld.

Johannes Barstad saman med Brian Dale fra 2MK. Foto: Jens Myklebust

Ein annan som tok turen var Johannes Barstad frå Volda. Han var veldig fornøgd med premieren på musikalen.

 – Eg synes det var utruleg bra! Eg synes musikalen blir betre og betre for kvart år som går, og det var fantastisk bra, avsluttar Johannes.  

Og med det ser me fram mot dei komande framsyningane denne veka. Husk at du framleis kan kjøpe billetar på nettsidene til kulturhuset. Følg oss gjerne på Facebook og Instagram.

– Eg syns musikalen var kjempebra

Elevane strøymer inn til skuleframsyninga på «Cry Wolf». Foto: Åge André Breivik

Endeleg er vi her på premieredagen til musikalen, “Cry Wolf”, og vi har i dag generalprøve og skuleframsyning på musikalen. Vi spurte folk om deira forventninger til musikalen, følg med!

Tekst: Tomas Sævik og Brian Dale

Alexander Bjørkmo var ein av elevane som såg generalprøva på «Cry Wolf». Foto: Alvin Hammer

Skuleforestillinga er generalprøva til musikalen. Etter generalprøva følger fem framsyninger, pluss ei skuleframsyning fredag. Om lag 300 elevar er på plass og skal sjå generalprøva tidlig tysdag.

– Eg syns musikalen var kjempebra. Eg synest den var litt morosam og kjekk, seier Alexander Bjørkmo.

– Eg fikk meir lyst til å sjå musikalen, fordi dette er den beste eg har sett.

Bjørnar Yksnøy er heilt einig. Han synest musikalen var veldig bra.

– Favorittmessig så likte eg veldig godt skodespelet, der var god innleving, seier han.

– Eg har sett mange musikalar, og dette var den beste, trur eg. Fekk meir lyst til å sjå den att!

– Eg synes synginga var det aller beste, og var veldig fint. Eg har dessverre ikkje billett enda, men det fristar. Dette var min favoritt av dei eg har sett, men eg har ikkje sett så mange. Eg har sett nokre musikalar før, seier Mariell Follestad.

– Eg synes musikalen var kjempebra, legg ho til!

Dagny Sofie Bjørneseth Kjalnes var godt nøgd med «Cry Wolf». Foto: Alvin Hammer

Dagny Sofie Bjørneseth Kjalnes var heilt samd etter at musikalgeneralprøva var over. Ho likte musikken veldig godt, og var på sin fyrste musikal.

– Eg har aldri sett musikalen før men det var veldig kjekt, seier eleven.

– Eg har ikkje sett musikalen før men det var spennande, seier Eir Kjærbech.

– Eg synest det var bra musikk og det var ei veldig spennande framsyning. Eg skal gå studiespesialiserende men veit ikkje om eg skal gå på Volda Vidaregåande skule, fortel ho.

 

Stemningsrapport #1 – «Cry Wolf» nærmar seg

Premieren på «Cry Wolf» er berre eit døgn unna. I dag sjekka Pia og Oda stemninga på Ørsta kulturhus, når musikalsirkuset for fullt er på plass.

Video: Pia Rogne Notøy og Oda Sundnes Warholm

Følg med på musikalen.no, følg musikalenvoldavgs på Instagram, eller finn Musikalen på Facebook for å få med deg oppdateringar ut over veka.

I morgon brakar det laust, når ein fullsett kulturhussal får sjå premieren på den nyskrivne musikalen «Cry Wolf».

– Dette verkar veldig spanande

Rektor Trond Hjelseth er klar for siste gjennomkøyringa før premieredagen for «Cry Wolf». Foto: Åge André Breivik

 

Dagen før dagen var rektor Trond Hjelseth på Volda vidaregåande skule til stades for å sjå på gjennomgangen av musikalen. Det var han godt nøgd med.

Tekst: Brian Dale

Rektor Trond Hjelseth godt nøgd etter å ha sett musikalen. Foto: Brian Dale

– Eg synest dette verkar veldig spanande, A-ha er ein musikktype eg likar veldig godt, og som var veldig stort når eg var yngre. Eg er også veldig imponert over fleksibiliteten i skodespelet, seier rektor Trond Hjelseth.

Det står likevel ein dag att før premieren på musikalen “Cry Wolf”, og litt øving står att. Rektor Trond Hjelseth trur det gjer godt.

–  Det er jo alltid mykje spenning før ein musikal, og kanskje ekstra no som det har vore ein del sjukdom i musikklina. Men eg trur musikalen ligg godt i rute, ut i frå mi vurdering i alle fall, legg han til.

A-ha har hatt ei rekke store låter, og det gledde rektor Trond å sjå att sine favorittlåter. 

– Det å sjå att «Sun Always Shine On TV» og «Cry Wolf» var heilt fantastisk for meg. Eg kjende nakkehåra reise seg under dei songane. Det gleda meg stort. I tillegg gler det meg å sjå at så mange deltek på musikalen, og deltek i arbeidet til musikalen, avsluttar han.

Musikalen «Cry Wolf» har premiere på Ørsta kulturhus 13. februar. Du kan kjøpe billettar på nettsidene til kulturhuset. Følg oss gjerne på Facebook og Instagram.

Klar for sin fjerde musikal

Bandet har rigget seg klart, og har lydsjekk. Foto: Elisabeth Steinnes


Bendik Hustadnes spelar tromme i årets musikal «Cry Wolf». Med berre to dagar igjen til premieren er orkesteret på Ørsta Kulturhus og gjer oss klar til framsyningane som skjer tysdag, onsdag og torsdag.

Tekst og foto: Elisabeth Steinnes

Bendik Hustadnes øver på dei forskjellige songane i musikkbingen. Foto: Elisabeth Steinnes

I dag har bandet rigga seg til, testa lyd og øvd på dei forskjellige songane.

– Det var litt problem med skurring på eine instrumentet, men det vart heldigvis fiksa, seier Bendik.

Det er sjølvsagt mange songar som elevane må lære å både synge og spele.

– Songane er ikkje så vanskelege å lære, men det eg har gjort er å høyre mykje på songane, og spele dei veldig mykje, fortel han.

Dette blir Bendik sin fjerde musikal! Han er altså ikkje elev ved volda vgs lenger, men kom tilbake for å spele trommer.

– Det er er veldig gøy å få vere med, og eg er glad for å vere tilbake. Nervane er eigentleg ikkje så store, men eg blir sikkert litt nervøs på premieredagen, seier han.

 – Eg er veldig gira på premieren, dette er den kjekkaste veka i året, avsluttar han.

 

Musikklærar Kjetil Eiksund gjer seg klar for øving. Foto: Elisabeth Steinnes

På plass i Ørsta

Bilete frå øvinga søndag. Foto: Brian Dale


Med to dagar att før premieren var vi på plass for fullt på Ørsta Kulturhus, og vi var klare for gjennomgang av musikalen «Cry Wolf»!

Tekst: Brian Dale

Svenning Veiseth går fyrste året musikklinja på Volda vidaregåande, og debuterer i år med sin fyrste musikal.

Svenning Veiseth fra 1MU debuterer med sin fyrste musikal.

 – Eg står i koret for det meste, men skal også være med på eit par slossescener, seier Svenning.

Det er mykje spenning knytt til musikalen og mykje arbeid som ligg bak, det gledar Svenning.

 – Eg synes det har vore utruleg kjekt, vi er alle klassene samla ilag, og vi kan arbeide ilag, det synes er eg kanskje det aller beste med musikalen.

Det er omlag 50 timar til premiere på musikalen 2018, og det er mykje øving att.

 – Eg trur eigentleg at vi ligg veldig godt an, vi har fått øvd mykje og kan det vi skal godt, men sjølvsagt står det att litt finpussing, og i alt gler eg meg veldig masse til framsyning, seier han.

Under kan du sjå eit biletegalleri av denne øvingsdagen! Det er berre å gle seg til musikalframsyninga.

Musikalen «Cry Wolf» har premiere på Ørsta kulturhus 13. februar. Du kan kjøpe billettar på nettsidene til kulturhuset. Følg oss gjerne på Facebook og Instagram.

 

 

Siste gjennomkøyring i Volda

Koret klappar etter ei flott framføring. Foto: Elisabeth Steinnes

No er det berre få dagar igjen til premiere. Fredag hadde musikalgjengen si siste store gjennomkøyring i Volda, før heile prosjektet flyttar til Ørsta kulturhus. 

Tekst: Elisabeth Steinnes

Med det er den aller siste øvingshelga før musikalpremieren i gang.

Dei 90 involverte elevane i musikalprosjektet har starta på den intensive musikalveka. Frå fredag til fredag går det i eitt.

Premieren er tysdag 13. februar, og fram til då er det øving som gjeld.

Under kan du sjå nokre bilete frå siste store gjennomkøyringa på Volda vidaregåande, der både orkester, kor og skodespel vart smelta saman i Festsalen.

Dette må du vite før musikalen

Laurdag kom dei fyrste kulissene på plass på Ørsta kulturhus, tre dagar før premieren tysdag. Foto: Åge André Breivik

– Akkurat no ser det veldig lovande ut, seier musikklærar Gunnar Sigve Aurdal. Han har vore med å skrive musikalen «Cry Wolf» som har premiere om tre dagar

Tekst: Brian Dale

Det ligg mykje arbeid bak ein musikal. Under kan du få ei oversikt over det arbeidet som har vore gjort i forkant av premieren 13. februar.

Gunnar Sigve Aurdal er ein av manusforfattarane og er kapellmeister under musikalen. Laurdag var han med då orkesteret rigga seg til på Ørsta kulturhus.

Gunnar Sigve Aurdal er lærar på musikklinja, og blant dei som arbeida bak musikalen.

– Akkurat no ser det veldig lovande ut. No skal ikkje eg vere for optimistisk då, men det ser veldig bra ut. Vi ligg veldig godt i rute fram mot premieren på tysdag, seier han.

– Den største spenninga er knytt til at det har vore ein del sjukdom. Men vi har gode planar for å lukkast uansett. No står det att litt småpirk, som vi arbeider med å rette opp i fram til tysdag, og me gler oss veldig, legg han til.

Her på musikalen.no har me frå MK forsøkt å jamt oppdatere over arbeidet som har blitt gjort. Her kan du lese det viktigaste å få med seg før premieren tysdag.

Den 19.januar kom designet for musikalen 2018 på plass, det er eit gult og lilla prega design, det kan du lese meir om her.

Tidleg på musikalen.no kom det ei reportasje og ein video frå innspelinga på Høgskulen. MK elevar testa innspelinga, etterpå var det tid for hovudrollene å øve inn ein animasjonsfilm. Du kan lese meir om denne innspelinga her.

Rundt 23.januar så tok vi ein prat med ein 1MU elev og leiar for koret på musikklinja, og fekk ei oppdatering på korleis det var å arbeide med musikalen. Den kan du lese meir om her.

Musikklinja har og valfag som dans, og drama. Dette er noko av det som er viktig i ein musikal. Elevane fekk opplæring i scenekamp, slag, spark, fall og rull i slutten på januar. Det kan du lese meir om her.

I slutten av januar la vi ut ei reportasje om den fyrste store øvingsdagen før musikalen. Koret øvde på Volda vidaregåande, medan det var dramaøving på Høgskulen. Dersom du vil lese meir om dette kan du trykke her.

Under den fyrste øvingshelga så kom også kostyma til Musikalen på plass. Det var det lærar Yngvil Birkeland som hadde ansvaret for. Vi tok ein prat med ho om kostyma og arbeidet bak musikalen. Det kan du lese meir om her.

Det er utruleg mykje folk bak ein musikal. Lærarar arbeider lenge med manus, og arbeid bak musikalen. I tillegg til det har vi elevar frå alle dei sju kommunane på søre Sunnmøre. Det er utruleg unikt. Det kan du lese meir om her.

Vi la ut eit biletgalleri frå ei øvingshelg helt på tampen av januar, dersom du vil sjå fleire bilete av kva som skjer gjennom ei sånn helg kan du klikke her.

I løpet av musikalen får vi sjå eit orkester, dei har jobba på spreng for å lære seg alt no fram mot musikalen. Vi tok derfor ein prat med orkesteret, og den saka kan du lese her.

I løpet av musikalen er vi så heldige å få sjå ein musikkvideo. Vi har følgt arbeidet bak den, og du kan lese den og eit intervju dersom du klikkar her.

Det vil kome mange nye oppdateringar i helga, og neste veke, så følg med. Musikalen nærmar seg med stormskritt. Tysdag 13.februar er premiere på musikalen «Cry Wolf». Billetar finn du på www.orsta.kulturhus.no

 

– I dag skal vi rigge opp alt

Utstyret på plass på scena! Foto: Brian Dale

Orda til gitarist Johannes Kristiansen er kanskje det sikraste teiknet på at Musikalen 2018 nærmar seg med stormskritt. På Ørsta Kulturhus riggar dei i dag opp til øving til resten av musikkelevane kjem.

Tekst og foto: Brian Dale

Laurdag formiddag var elevar og lærarar på plass for å rigge opp til første gjennomkøyring på Ørsta Kulturhus, tre dagar før premieren. Når utstyret var rigga opp kom Lydkjelleren med alt som trengs for å framføre frå scena. Om lag 50 store og små kasser vart rulla inn på scena, klare til å bli sette opp. Du kan sjå nokre bilete av dette under.

Johannes Kristiansen spelar i orkesteret under Musikalen.

Når alt var rigga opp og klart kom orkesteret frå musikklina i Volda. Der skulle mellom anna Johannes Kristiansen gjere klart det som skal til for å spele i orkesteret.

– Øvinga til orkesteret no ligge veldig godt an. Vi har god kontroll på det meste, og sjølvsagt litt småpuss her og der, men i alt ligg vi veldig godt i rute fram mot tysdag, seier Johannes.

Då står premieren for tur. Før den tid har Johannes litt av kvart å gjere.

– I dag skal vi rigge opp anlegg og alt orkesterutstyret, og så skal vi køyre ein lydtest for å sjekke at alt utstyr er i orden, og at ting høyres bra ut, avsluttar han.

Lenger bak i salen finn vi Daniel Aanonsen. Han er elev på Medium og kommunikasjon i Volda, og har arbeida med dei digitale kulissane under musikalen.

– I dag så har eg arbeidd med å rigge opp til musikalen. Få alt klart, og sette opp alt til musikkelevane kjem. Når alt er sett opp går eg over til å arbeide med dei digitale kulissane, seier Daniel.

Daniel Aanonsen fra 2MK arbeider med digitale kulisser.

Daniel gler seg til dei siste dagane før musikalen, og trur det blir utruleg kjekt.

– Det blir nok veldig slitsamt, men det er utruleg kjekt å være med på så det er verdt det. No dei siste dagane so skal eg arbeide med digitale kulissar, det er altså å styre lydeffektar, bakgrunnen og det digitale i golvet på scena. Eg gler meg, avsluttar han.

Musikalen «Cry Wolf» har premiere på Ørsta kulturhus 13. februar. Du kan kjøpe billettar på nettsidene til kulturhuset. Følg oss gjerne på Facebook og Instagram.

 

MK i farta

Musikalen nærmar seg, og MK jobber på spreng for å få alt klart i tide.

Tekst og video: Oda Warholm og Tomas Sævik

Det er veka før musikalen og alle jobbar på spreng med digitale kulisser, musikkvideo, reportasjar og masse meir. Vi gjer oss klare til øvingshelg!

I videoen på toppen får de sjå og høyre litt om kva medielina gjer under musikalen. Vi får høyre litt kva Daniel gjer med digitale kulisser og kva Carina styrer me.

Dette er berre ein liten smakebit av kva vi gjer. Følg med vidare for ei veke med spennande innhald!

Premieren på “Cry Wolf” er tysdag 13. februar! Ta gjerne med nære og kjære på musikalen 2018!