Stemningsrapport 5 – This is how it ends

Den siste framsyninga gjekk veldig bra. Triste folk bak sceneteppet tek ikkje ned stemninga etter ei flott musikalveke.

VIDEO: Oda Sundnes Warholm og Pia Rogne Notøy

Sjå meir her:

Den aller siste «Cry Wolf»

Her ser vi både Erlend og Henrik i ei scene i «Cry Wolf». Foto: Elisabeth Steinnes

I dag var siste framsyning av musikalen “Cry Wolf”, og snart startar arbeidet med ein ny musikal. Men no har vi sett “Cry Wolf” direkte for aller siste gang.  

Tekst: Brian Dale

Erlend Fiskaa Ødegård fra 3MU. Foto: Brian Dale

Det var mange triste elevar bak sceneteppet då siste framsyning var over. Sidan nyttår har elevane jobba med musikalen, no er det over for i år, og tredjeklassingar har delteke for siste gong.

Erlend Fiskaa Ødegård er blant dei vi har sett mest av i musikalen ”Cry Wolf”, der han har spelt rolla Alex Meyer. Erlend er inne i sitt siste år på Volda Vidaregåande, og er no ferdig med sin aller siste musikal.

– Det er veldig vemodig, det er så utruleg kjekt å arbeide med musikalen, men det skal bli deilig med ei lita pause også no, for det er ei slitsom veke, seier Erlend.

Lovar å kome tilbake

Erlend lovar likevel å kome tilbake til Volda for å sjå fleire musikalar.

– Det er jo heilt fantastisk å arbeide med, så eg skal kome tilbake for å sjå fleire musikalar etter at eg er ferdig her, legg han til.

Erlend har delteke på to tidlegare musikalar her på Volda vidaregåande. Det fyrste året stod han i koret, og var med å synge “Home Again”, og som andreklassing spelte han postmann i musikkvideo og sang “Superstition”. saman med to klassekamaratar. I år var han så heldig å få ein av hovudrollene i årets musikal, “Cry Wolf”.

Etter ein hektisk periode, er stemninga god, trass i at dette er aller siste framsyning. 

– Stemninga akkurat no er veldig avslappa, men eg trur det blir litt meir tårer, og trist etterpå, når vi verkeleg er heilt ferdige, avsluttar Erlend.

Henrik Stave fra 1MU. Foto: Brian Dale

– Nydeleg å sjå samhaldet

Henrik Stave går fyrste året på musikklina og har no fått vere med på sin aller fyrste musikal på Volda vidaregåande, det har vore ei oppleving. 

– Min fyrste musikal har gått utruleg bra, og den har berre levd opp til alle forventninger. Også er det nydeleg å sjå alt det gode samhaldet på musikklina, det er heilt unikt, seier Stave.

Henrik Stave er glad for å ha fått vere med på musikalen. I år har han fått vere med å danse, og vere ein av tryggingsvaktene til Alex Meyer. Det har krevd mykje øving, men har vore verdt det.

– All denne øvinga har uten tvil vore verdt det. Det har vore ein fantastisk musikal, og eigentleg berre heilt fantastisk. Så no er stemninga på topp, og vi skal gi absolutt alt i siste framsyning, avsluttar Henrik.  

No som musikalen er ferdig, skal elevane ha ein vinterferie, før dei skal tilbake på skulebenken for fullt. Lærerane på musikklina sett allereide snart i gong arbeidet med neste års musikal. Men frykt ikkje,
Cry Wolf lever likevel vidare her på musikalen.no, så følg med vidare.

– Det gir blanda kjensler

Her under premieren på musikalen! Foto: Elisabeth Steinnes

Det står att berre ei framsyning av musikalen “Cry Wolf”, og mange elevar er snart ferdig med sin aller siste musikal med Volda Vidaregåande.

Tekst: Brian Dale

Kjartan Van Dijk Festøy går 3MU, og er med på sin siste musikal. Foto: Brian Dale

Kjartan Van Dijk Festøy går 3MU på Volda Vidaregåande og er med på sin siste musikal med skulen. Det gir blanda kjensler.

– Musikal er alltid veldig kjekt å arbeide med, og eg elska produksjonen i år, så eg synes det er veldig kjekt. Men det er jo sjølvsagt veldig trist at dette er siste gong, seier Kjartan.

Kjartan vil under musikalen i år stå i koret, og spele på sin cello i starten på andre akt.

Saman med Kjartan i koret har vi også Amanda Bjørneset. Amanda er på sitt andre år på vidaregåande. Ho synest det er trist å tenkje på at det var siste musikal med elevane fra tredje klasse

– Det er litt blanda stemning no, folk virka veldig gira på å få til ditte bra, men det er jo veldig trist å tenke på at vi nærmar oss slutten på musikalen. Det blir veldig rart å ikkje lage musikal med noverande tredje klasse neste år. Dei som spelar no er utruleg flinke, så det blir vanskeleg å leve opp til, svarer Amanda.

Amanda Bjørneset fra 2MU. Foto: Brian Dale

Ei anna vi ser i koret er Charlotte Rimstad. Ho skal stå i koret, og danse under “Scoundrel Days”. Charlotte er inne i sitt siste år på Volda vidaregåande, og sin siste musikal, noko som vekkjer kjensler i klassa

– Det er kjempekjekt å jobbe med musikal, og prosessen bak er helt fantastisk. Men det er veldig trist at det er siste musikalen vår, og eg trur ikkje skule blir det same uten musikal, seier Charlotte.

Stemninga er likevel god bak scena på musikalen. Til tross for at musikaleventyret nærmar seg slutten.

– Stemninga er veldig bra, folk verkar veldig gira på å få til ei bra framsyning. Forrige framsyning gjekk kjempebra, så folk verkar veldig på, avsluttar Charlotte.

Charlotte Rimstad fra 3MU er med på sin siste musikal.

Kvart år på vidaregåande har elevane delteke på musikalen, og no som dei skal vidare, vil musikalen vere eit kjempesakn, og eit minne for livet.

Hugs at du framleis kan fylgje oss her på musikalen.no gjennom vinterferien for fleire oppdateringer.

– I år har det gått smertefritt!

På med kostyma dagen før premieren. Foto: Tomas Sævik.

Dette er orda til Yngvil Birkeland, som saman med Ragnhild Engeset og Kirsten Ragnhild Grimstad har ordna med diverse kostymer til musikkelevane som er med i musikalen 2018.

Tekst: Kristoffer L. Lilleøy

Kostymeansvarleg Yngvil Birkeland. Foto: Tomas Sævik

Yngvil seier at kostyma i år er ganske minimaliserte, og at det difor ikkje blir like mykje sying og ordning av kostymer som i tidlegare musikalar. Ho held fram med at det i år går mykje i svarte, kvite og grå klede, og at elevane enkelt kan skaffe dette sjølve. 

– Eg har hatt ein delvis fredeleg jobb i år, legg ho til.

I tidlegare år har det vist seg å bli ganske hektisk med kostymeskift når det er sceneskift under framsyningane, men i år viser det seg at det kanskje ikkje er like hektisk for like mange.

– Det er nok nokre som har knapp tid mellom scenene, som må ut fort og skifte. For dei kan det heilt klart bli ganske hektisk, men i år er det veldig lite av det i forhold til mange andre år. Før har av og til heile koret måtte skifte kostyme mellom scener, seier ho.

Dagen før premiera til ”Cry Wolf” spurte vi ho kor godt dei låg an med kostyma.

– Vi ligg veldig godt an! Vi er stort sett ferdig med alle kostyma. Eg trur aldri eg har opplevd å vere klar så tidleg, vanlegvis har eg jobba på til rett før premieren startar. Så i år har det gått smertefritt!

Kjartan Van Dijk Festøy har fått på seg kostymet og blir sminka. Foto: Tomas Sævik

Travel innspurt for elevane

Even Sævik i midten spelar ein av hovudkarakterane i musikalen «Cry Wolf». Her under premieren tysdag kveld. Foto: Pia Rogne Notøy

 

Det er få dagar att av musikalen «Cry Wolf» og elevane er inne i ei travel tid. Like før den hektiske musikalveka fortalte. Emma Sævik og Even Sævik om spenninga før det braka laust.

Tekst: Oda Warholm og Tomas Sævik

Emma går VG1 på musikk, dans og drama ved Volda vidaregåande, medan Even er VG3-elev, og dermed med på sin siste musikal. 

Både Even og Emma var klare og spente før musikalen då me snakka med dei fredag førre veke. Even har vore med på musikalen før, men dette er hans siste. For Emma er dette fyrste deltaking på musikalen. Even har rolla som rikskanslar Thomas Meyer medan Emma er i koret, og dansar.

Even Sævik fra 3MU. Foto: Elisabeth Steinnes

– Eg ligg veldig godt an til premieren og er frisk, eg kan replikkane godt, men treng å få øvd inn alt perfekt, seier Even Sævik.

Han seier at dei går no inn i den vikitgaste fasen og det vanskeligaste sitt endeleg på plass og på øvinga denne fredagen må alt vere perfekt.

– For at eg skal bli heilt klar til musikalen må vi samkøyre meir på scena og bli tryggare på kva vi skal gjere, seier han.

Medan Even ofte er framme på scena, står Emma mest i koret under «Cry Wolf».

– Eg tenkjer vi kjem i rute til premieren, men det er litt vanskelig å huske kva tid vi skal inn, seier ho.

Emma Sævik fra 1MU. Foto: Elisabeth Steinnes

Ho tenkjer at det er kjekt og sjå korleis musikalen blir og ho syntest det er gøy at koret er ein større del i denne musikalen.

– For at eg skal bli heilt klar til musikalen så må eg huske kva tid vi skal inn og synge og eg må kunne songane betre, fortel ho.

Og med det ser me fram mot dei komande framsyningane denne veka. Husk at du framleis kan kjøpe billetar på nettsidene til kulturhuset. Følg oss gjerne på Facebook og Instagram.

Dagen derpå med stemning på topp

Med fullført premiere bak seg, og to onsdagsframsyningar å sjå fram til var det upåklageleg stemning på Ørsta kulturhus i dag. 

Video: Oda Warholm og Pia Rogne Notøy

No held musikalen «Cry Wolf» fram i to dagar til. Du kan framleis skaffe deg billettar til framsyningane torsdag kveld, og matineen fredag klokka 11.30. Billettar finn du på nettsidene til Ørsta kulturhus.

 

 

Premiere på «Cry Wolf»

Thomas Meyer i sentrum. Foto: Pia Rogne Notøy

Tysdag var det premiere av musikalen «Cry Wolf» i eit fullsett Ørsta Kulturhus. Premieren gjekk fantastisk bra, og det var stor jubel i publikummet.

Tekst: Brian Dale

Musikalen ”Cry Wolf” si handling foregår i den sør-europeiske staten Monte Rosa, der den politiske familien Meyer blir plassert i ein aldeles tøff situasjon. Vi blir kasta inn i historia med at Thomas Meyer går av som rikskanslar på grunn av ei intern konflikt, og frå der utfoldar historia seg akkompagnert av a-ha sin stemningsfulle musikk. Musikalen er skriven av Gunnar Sigve Aurdal og Vibeke Preus Bech.

Musikalen gav spenning og drama fra start til slutt, og publikum viste stor glede og jubel over skodespelet. Premieren var ein einaste kjempesuksess fra start til slutt.

Under kan du sjå eit biletegalleri av premieren. Hugs at du framleis kan kjøpe billettar til framsyninger torsdag og fredag på Ørsta kulturhus sine nettsider.

 

– Dyktige aktørar, dyktige sangarar

David (Sander Bjørkedal) og Celice (Andrine Berge) i løpet av musikalen «Cry Wolf». Foto: Elisabeth Steinnes

Det hadde Volda sin ordførar Jørgen Amdam å seie etter framsyninga av årets musikal. På tysdag kveld braka det laust i Ørsta kulturhus då musikalen ”Cry Wolf” hadde premiere!

Tekst: Kristoffer L. Lilleøy

Rektor Trond Hjelseth snakkar til involverte elevar og lærarar etter premieren på «Cry Wolf». Foto: Åge André Breivik

Musikalen ”Cry Wolf” si handling foregår i den sør-europeiske staten Monte Rosa, der den politiske familien Meyer blir plassert i ein aldeles tøff situasjon. Vi blir kasta inn i historia med at Thomas Meyer går av som rikskanslar på grunn av ei intern konflikt, og frå der utfoldar historia seg akkompagnert av a-ha sin stemningsfulle musikk. Musikalen er skriven av Gunnar Sigve Aurdal og Vibeke Preus Bech.

  • Video av alle talane kan du sjå øvst i dette innlegget.  

Til stades under framsyninga var Volda sin ordførar Jørgen Amdam, Ørsta sin rådmann Wenche Solheim og rektor på Volda vidaregåande skule, Trond Hjelseth, og alle tre var framme på scena etter ei vel gjennomført framsyning for å halde tale til alle dei involverte i produksjonen av dette årets musikal.

– Dette var sentimentalt, med usedvanleg god musikk og eit sceneoppsett som eg synest fungerte usedvanleg godt! Eg må igjen berre seie at dykk er verdsmeistrar, seier Volda-ordførar Jørgen Amdam.

Ørsta-rådmann Wenche Solheim var også godt nøgd med framsyninga.

– Volda vidaregåande leverer igjen, år etter år, og dette gler vi oss til kvart år!

I talen til rektor Trond Hjelseth vart det nemnt at trass i mykje sjukdom som hadde ramma aktørane i dei førre vekene hadde dette vist seg å bli ei fantastisk forestilling. Trond var også på plass her på måndag for å sjå fyrste akt av musikalen.

– Då eg sat bak her i går, så sat eg to rader bak regissør Vibeke. Eg såg ho sleit seg litt i håret under gjennomgangen, men for eit nedslag i dag med så trange vilkår!

Dermed fekk rektor forventingane sine innfridde.

Det vil bli to framsyningar av ”Cry Wolf” onsdag og to torsdag, før Volda vidaregåande rundar av med ei siste framsyning fredag 16. februar. Billettar kan du kjøpe på Ørsta kulturhus sine nettsider.