Scenearbeidarane Tor-Stian Bjørneset (19), og Ole-Martin Iversen (19), er to av dei mange frivillige under årets musikal. Dei har mykje å gjere både under, før og etter eit show. Mikrofonar, rekvisittar, og statistar er berre nokre av stikkorda.

Tekst: Silje Birkhol

Tor-Stian Bjørneset passa på at ting stod der dei skulle under musikalen «The Cream of Soul». Foto: Silje Birkhol

Dei er begge tidlegare musikkelevar ved Volda vidaregåande skule, så dei er godt kjende med skulemusikalen. I fjorårets musikal «Goodbye Yellow Brick Road» spelte Tor-Stian ”Benny”, og Ole-Martin ”Rocketman”.

I år har dei fått tildelt litt mindre roller, men dei er begge einige om at det er veldig hektisk.

– Det er mange ting ein må ta hensyn til. Kven er på scena, kven kan ta med seg ting av scena, og kven kan ikkje, fortel Tor-Stian.

Spesielt vanskeleg er det under ”black-outs”. Då skal alt av utstyr og rekvisittar helst vere på plass innan fem sekund. Både bar, barkrakkar, to bar-bord, og tre mikrofonar skal inn på scena. Då må dei vere effektive, og bruke dei som er ledige.

Det blir lange dagar. Ofte frå 08.00 om morgonen til 01.00 på natta. Ein vanleg musikaldag inneber å springe rundt og passe på at ting er på plass til rett tid. På premieredagen var dei begge veldig stressa, men dei er einige om at stressnivået har gått kraftig ned ettersom at dei har kome inn i ”gamet”.

Ole-Martin Iversen returnerte til musikalsirkuset etter å ha spelt «Rocket Man» i fjor. Foto: Silje Birkhol

– Å velje ut ei favorittscene er veldig utfordrande, det er som å favorisere ungane sine, seier Tor-Stian og ler. Dei framhevar likevel sangen ”Superstition”, sidan dei får vere med som statistar på ein bar.

Når det kjem til å velje mellom å jobbe backstage eller vere på scena, synest dei begge at det er vanskeleg å velje kva som er kjekkast, då dei har glede av begge deler.