Fornøgde elevpublikummarar

To av framsyningane til musikalen «The Cream of Soul» var sette av til elevar frå ungdomsskular i området. Tysdag var det fullt hus med elevar frå Ørsta og Volda. Fredag fekk elevar frå ytre søre sjå musikalen. Inntrykket til nokre av dei kan du lese her. 

Tekst: Håkon Hånes

Det var fullt hus på Ørsta Kulturhus på førpremieren 14. februar. Elevar frå forskjellige ungdomskular kom for å sjå på førestillinga laga av Volda vgs. Basert på nokre elevar frå Vartdal sine meiningar om den, var musikalen vellykka.

Anna og Emilie hadde ikkje sett nokon tidlegare musikalar og synes denne var så bra at utan å nøle gav den terningkast 6.

 

Kristian, Martin og Even hadde heller ikkje sett noko musikal før denne. Martin og Even gav musikalen terningkast 6, medan Kristian valde å gi den berre 5.

 

Elevane frå Ytre Herøy Ungdomsskule hadde også positiv tilbakemelding, men var litt meir kritiske.

Marte frå 10A likte musikalen fordi ho synst det var flott tillaga og at elevane frå Volda VGS var veldig flinke. Ho ville ikkje gi noko terningkast, men syns det var veldig bra. Dette var ikkje første «volda-musikalen» ho har sett og ho vurderer faktisk å begynne på musikklinja sjølv.

 

Selma frå 10A var også tilfredstilt av framsyninga i tillegg til historia i seg sjølv, ho likte også kor bra den hang saman. Ho gav terningkast 6. Ho har sett tre «volda-musikalar» på rad, men ser ikkje for seg å stå den scena sjølv på «ein million år».

 

Ole-Andre og Oliver er begge frå 10C og liker begge musikalen på grunn av songane, og Oliver likte også spenninga. Oliver hadde sett ein musikal før, men det har ikkje Ole-Andre og ingen var begeistra for tanken på å stå på den scena nokon gong sjølv.
Dei gav begge terningkast 5.

 

Markus er frå 10A. Han syns det var mykje bra skodespel og dansarar. Ikkje so kritisk, ga han musikalen terningkast 5. Han har ikkje sett musikalar før og ønsker ikkje å stå på den scena sjølv.