Premieren nærmar seg og musikkelevane er både spente og nervøse. Mathea Johanne Lødemel frå 2MU skulle eigentleg berre stå i kor i årets musikal, men på grunn av endringar får ho også synge.

Tekst: Synne Dimmen

Mathea synes det er kjekt å få sjansen til å synge i årets musikal. Foto: Thea Berge Baastad

Mathea vart overraska då ho fekk vite at ho skulle få synge solo i tillegg til å stå i kor. Det å vite at det er så mange flinke solistar å velge blant, og at det var ho som vart spurt var veldig kjekt, seier eleven. Det er sjølvsagt trist at ho som i utgangspunktet skulle synge vart sjuk, men det å få sjansen til å synge når ho går i andre klasse er Mathea veldig takknemlig for.

– Eg var budd på å stå i kor å vere litt usynleg, men no skal eg stå på scena og alle ser meg, noko som blir veldig kjekt, smilar ho.

Sidan solisten vart spurt har ho øvd mykje, og ho har jobba hardt for at det skal bli så bra så mogleg. Kvar kveld, og når ho har ledig tid brukar ho på å øve og å gå gjennom sangen. Ho fortel at ho ikkje vil skuffe nokon og at ho er motivert til å gjere det bra og prestere. Så langt føler ho sjølv at ho kan det meste, og at det berre er litt finpussing igjen. Mathea ser fram til å få synge. og er veldig spent på korleis det blir.

– Eg har veldig gode forventningar, og eg trur det kjem til å bli kjempebra og kjekt. Eg er veldig gira og trur at musikalen blir super, seier musikkeleven.

 

Foto: Silje Birkhol