Det er fredag, og pause i fellesøvinga i festsalen. I eit litt bortgøymd hjørne av salen sit Kirsten Ragnhild Grimstad og syr på eit av musikalen sine mange kostyme.

Tekst: Line Bendiksen Strand

Kirsten Ragnhild Grimstad har hovudansvaret for kostyma i årets musikal. Foto: Victoria Helde

Det er ho som har hovudansvaret for kostyma i årets musikal. Sjølv om ho sit og syr, har ho tid til eit par spørsmål.

– Dette blir berre det andre året mitt her på skulen, så eg har ikkje så veldig mange historier å fortelje, seier ho.

– Eg var med som assistent i fjor, men i år har eg tatt over ein del av ansvaret for kostyma. Men vi er fortsatt tre om det då, legg ho til.

Ho synst at det å ha hovudansvaret i år går veldig greitt, og at dei har fått god rettleiing av regissør Jan Terje Eidset, og det som kan vere ei utfordring er å ha totaloversikta, og passe på at det er nok fargar på scena og at alt er som det skal.

Kostymet ho sit og syr på er fylt med paljettar, glitter og fjør. Sjølv om akkurat dette kostymet ser ekstravagant ut fortel ho at kostyma i år for det meste er kvardagskle.

– Det er mykje av kostyma som elevane kan finne fram sjølve, fordi dei er så kvardagslege, og dei fleste tek rettleiingane til kostyme ganske bra, forklarer ho.

Prestekostymet frå musikalen i fjor er ein soleklar favoritt hos Kirsten. Foto: Malin Nordby Kvamme, Stine Voldsund Løseth og Martine Leine Rafteseth

Det dei hovudsakeleg tenker på når dei designer kostyma er settingen, og kva type karakter det er som skal ha på seg kostymet.

– The Primadonnas og The Villettes er jo to veldig ulike grupper, så det krev så klart veldig ulike kostymer, forklarer ho.

På spørsmålet om favorittkostyme, må ho tenke litt. Ho seier deretter at både årets og fjorårets musikal hadde kvardagslege kostymer, men den dei ”dressa” mest opp i fjor var presten.

– Det var veldig kjekt å sy det kostymet, den store katolske prestehatten og slikt, smiler ho.

Ei av dei som må ha på seg kostyme er Helene Runde Strand. Ho synast kostyma til koret er ganske ”plain”, men passar heilskapen i musikalen. Ho synast også at det var enkelt å finne fram eit kostyme i og med at det var eit heilsvart antrekk.

– Svart er ein farge eg har og brukar mykje av, og det reknar eg med at dei andre i koret også gjer, så det var ganske enkelt å finne fram, seier ho.


Helene Runde Strand står i koret og synast kostyma passar bra til musikalen. Foto: Victoria Helde