Denne veka vart det eit par endringar då ei av dei store rollene vart sjuk. Liv-Margrethe Muren Ulvund frå 3MU kjem inn og erstattar Marte Hallingstad Barstad som Janne Berg.

Tekst: Synne Dimmen

 

For Liv-Margrethe går kvart einaste ledige minutt med til øving, sidan ho tok over  rolla som Janne Berg.

 

Eleven synes det er stressande, men også fryktelig spennande. Ho trudde ikkje at det var ho som

Liv-Margrethe har øvd mykje, sidan ho fekk rolla som Janne Berg Foto:Silje Bikrhol

kom til å steppe inn i rolla som Janne, etter at eleven som eigentleg skulle spele henne vart sjuk.

Sidan Liv-Margrethe allereie hadde ei anna rolle, kom denne endringa som eit sjokk for henne. Dei hadde ei lita aning om at det var nokon som måtte steppe inn, men at det vart ho sjølv var veldig overraskande, og kom brått på. Ho føler absolutt press på å gjere det bra sidan ho no må setje seg inn i ei ny rolle, men ho fortel at ho har det meste under kontroll, og ho tenker dette skal gå fint.

 

 

– Det var Hildur, ein av musikklærarane som fortalte meg det. og eg vart heilt sjokkert. Det første eg tenkte var wow! Ok! Ro heilt ned! No har eg mykje jobb framfor meg, men detteskal eg klare, smilar ho.

 

 

Liv-Margrethe har tatt den nye rolla på strak arm.
Silje Birkhol

Rolla som dommar, som eleven hadde før, var meir i bakgrunnen. Som dommar sat ho på sida å såg på det som skjedde på scena. No er det ho som er på scena, der ho både skal synge og danse. I rolla som Janne Berg må Liv-Margrethe by enda meir på seg sjølv og ikkje vere redd for å uttrykke seg. Ho må no ha meir attitude, der ho mellom anna skal vere veldig sexy. Alt skal handle om Janne, og ho skal alltid vere i sentrum. I rolla som Janne Berg må Liv-Margrethe i større grad handtere både replikkar, sang og dans. Ho er og meir involvert med dei andre karakterane, og er bestemt på å klare å leve seg skikkelig inn i rolla som Janne Berg

 

– Sidan det er den siste musikalen, må ein gi alt. Det er litt spennande sidan eg berre har øvd på denne rolla eit par dagar før premiera, men motivasjonen er på topp, seier eleven.

 

No er det siste finpuss på dansetrinna, sangane og replikkane som står på planen for Liv-Margrethe. Her er kjellarstova heime god å ha som øvingsarena.

 

– Det gikk fint i kjellarstova når eg øvde heime, og eg øver mykje der. Kvart einaste ledige minutt går med til øving, pustar ho lett ut.