Ein viktig, men undervurdert, del av musikalen er kulissene. Dei er digitale, og blir laga gjennom “projection mapping”. Designgruppa i 2MK har no byrja øvinga.

Tekst: Line Bendiksen Strand

Det er mørkt i animasjonsstudio. Kun eit lite lys er på, og under det lyset ligg det mykje teknologisk utstyr dei færraste har peiling på kva er. Ein av dei som derimot har peiling er Håvard Krøvel-Velle, kontaktlærar for 2MK.

Gruppeleiar Emil Olai Tødenes følger nøye med. Foto: Victoria Helde

Han tek imot designgruppa i det dei kjem inn med ei kjapp innleiing i kva dei ser i studio, og kva utstyr dei kan forvente å bruke i samband med kulissene. Han viser deretter til ein miniatyrmodell av fjorårets sceneopplegg, komplett med små klossar. Han forklarer at han no skal vise dei korleis dei kan bruke dette utstyret ved å gjenskape nokre av kulissene til ulike scener i fjorårets musikal.

Emil Olai Tødenes, gruppeleiar på designgruppa trur det blir utfordrande å jobbe med kulissene.

– Dei fleste på gruppa har lite til ingen erfaring med å jobbe med slike ting, så det blir nok utfordrande.

Håvard Krøvel-Velle viser fram skissene til årets kulisser. Foto: Victoria Helde

Han viser film av scenene på dataen først, før han viser korleis kulissene blir projisert fram på miniscena ved hjelp av ein liten projektor. Han går gjennom mange ulike scener og viser korleis han bruker eit program på dataen til å tilpasse bildet til scena.

Når elevane i designgruppa har fått med seg det viktigaste, går han vidare til korleis han tenker scena og kulissene til årets musikal skal sjå ut. Han dreg fram enda ein modell, og viser skisser som forklarar korleis det er tenkt litt betre enn ord. Elevane får sett litt gjennom skissene og ideane før dagens leksjon er over, og designgruppa trekk seg tilbake til nedre bygg.

Emil trur det blir mykje jobb.

– Det blir det nok. Vi får hjelp frå lærarane, men det er fortsatt mykje som skal gjerast på kort tid, sidan kulissene skal bli testa alt denne helga.

– Det er berre å jobbe på, smiler han.