Liv-Margrethe Muren Ulvund er med på sin siste musikal ved Volda vidaregåande skule. I dei tidlegare musikalane har ho både dansa og sunge, men i år har ho ei større rolle. Musikalen har betydd og betyr mykje for Liv-Margrethe, og ho har fått gode erfaringar gjennom det.

Tekst: Lisa Bendal og Thea Berge Baastad

Liv-Margrethe følgjer nøye med på kva musikklærar Øyvind Granden Berg seier.

– Det er ei veldig god oppleving å få vere med på musikalen.

Det er viktig å gi alt på den siste musikalen, og det er Liv-Margrethe forberedt på. Ho øver mykje både på drama og song for å gjere ei best mogleg framføring.

– Planen er å øve mykje til eg kan alt utanåt, og hugse å setje pris på opplevinga.

Gjennom musikalen jobbar ho saman med heile musikklinja, og ikkje berre hennar eiga klasse. Sjølve musikalveka er ofte den tida elevane blir meir kjende med kvarandre. Det skaper eit fint fellesskap både på musikklinja og medielinja, som er med på å jobbe med musikalen.

– Fellesskapet har mykje å seie i musikalen når vi jobbar så mykje saman, og det kjem etterkvart som vi blir betre kjent.

Det er få studieretningar som har så sterkt bånd som musikklinja på Volda vidaregåande skule. Dette kan vi takke den årlege musikalen for.

 

 

 

Alle notane må vere på plass, og det er mykje småpirking. Foto: Thea Berge Baastad